| TURSTIAR PÅ SVANØY
Det finns mange fine merka og umerka stiar på Svanøy. "Blåstiane" er merka med blåmaling - dette er dei vanlege turstiane. I tillegg har vi "Natur- og kulturstien" som er merka med nummererte postar på turkartet(ikkje avbilda her) og med røde pilskilt langs vegen, samt "Nordsjøløypa" som er merka med blågrøne "N"-ar. Sistnemnde er ei løype som går gjennom 7 europeiske land. Meir info om Nordsjøløypa på Svanøy her. Ved orientering må ein ta omsyn til at det finns ein del saue- og hjortestiar i terrenget. "Natur- og kulturstien" består av 10 postar som seier noko om kulturminner og spesiell vegetasjon på Svanøy; Gruvene, Saltverksneset, Steinsettinga, Olavskrossen, Svanøy Hovedgård, Edellauvskog, Kvalstadmyra, Kristtornskog, Skogamora og Klebersteinbrotet. Postane er skildra på baksida av turkartet. Turkartet kan du kjøpe på Kroa, landhandelen og hjortesenteret for kr 20,-. Inntektene av kartet går til vedlikehald av stiar og skilt. Du kan også få det tilsendt ved å ringe oss på 57 75 21 80 eller sende oss ein mail.
Vi oppmodar om at dykk tek omsyn til natur og dyr på dykkar ferd. Lat att grinder, ta med søppel heim og gå ikkje inn i hjortehegna eller vegetasjonshegn(12 stk rundt om på øya - eit prosjektsamarbeid mellom Norsk Hjortesenter, HSF og UiB).
GOD TUR!
|
|
|
|
Nokre anbefalte turstiar utanom dei som Nordsjøløypa omfattar er: Vågsfjellet 235 m.o.h. Ein kan gå opp frå Våg v/skulen (bratt terreng i starten) og frå Kvalstad(Norsk Hjortesenter). Dette er ein fantastisk flott tur - også for barna. På toppen kan ein nyte panoramautsikt og skrive seg inn i turboka i postkassen! Blåmerka frå begge utgangspunkt. Gamlevegen til Erikstad. Eit stykke forbi skulen på Våg, tek ein av bilvegen mot Erikstad/Grepland og går ned ved skilt til Erikstadbrua. Brua kryssar Sagvatnet og så er det fin turveg/sti eit stykke til ein igjen møter bilvegen. Fin grusveg tilbake til utgangspunktet. Denne stien er ikkje blåmerka men godt synleg og med skilt til brua. Tek ein av til høgre ved grinda halvvegs på stien og følgjer bekkefaret, kjem ein etterkvart inn på blåmerka sti som kan følgast til Erikstad gard eller langs med Sagvatnet til Marøysundet.
|
||