| Det
starta i 1972....
Svanøy Stiftelse vart etablert i november 1972, basert på
ein avtale mellom Kristoffer Svanøe og direktør Christian
Sommerfeldt. Dersom det let seg gjere å skaffe eit tilstrekkeleg
beløp, ville Hovedgården med næraste omkringliggjande
bygningar og område, overlatast til ei stifting.
|
| Det lukkast å få 45 stiftarar,
etterkvart 65. Beløpet var over forventning, og stiftinga fekk i
tillegg eit betydeleg beløp frå ein tidlegare "Noreno
Stiftelse". Når dette let seg gjere skuldast det sterke
anbefalingar frå staten, fylket, riksantikvar og fleire faglege
institusjonar. Stiftinga sitt føremål var å restaurere hovudhusa
ved Hovedgården, og la Svanøy atter bli eit impulssentrum for nye
aktivitetar slik det har vore gjennom Svanøy sin interessante og
ærerike historie. |
| Stiftelsen si første oppgåve vart i samsvar
med føremålet å restaurere den praktfulle Hovedgården, som vart
freda allereie 17. mars 1924. Parallelt
med dette vart det etablert eit oppdrettsanlegg for aure og laks på
Langøya. Stiftelsen fekk også erverva Kvalstad Gård -ein av øya
sine største eigedomar. Verksemda vart leia av styreformann Christian
Sommerfeldt og Harald Skjervold som formann i eit fagleg råd. Ole
Svanøe var første bestyrar. |
| Restaureringsarbeidet tok både tid og pengar,
og vart utført av lokal arbeidskraft etter planar frå arkitekt
Sverre Lid og Riksantikvaren. Slik bygningane er idag, fungerer
eigedomen som eit halvoffentleg museum. Storstua og dei to
tilstøtande rom er bevart. Dei øvrige rom og dei øvrige bygningar
er restaurert med uforandra eksteriør, men innreidd til forskjellige
føremål under Stiftelsen si verksemd. |
|

|
|
Svanøy Hovedgård 1997
|
| Utbygginga av oppdrettsanlegg for laks og aure var ei
viktig satsing som har lagt grunnlag for ei stor næring på
Svanøy. Det er neppe å ta for sterkt i om ein hevdar at
Stiftelsen på dette felt har vore ein pioner for ei ny
hovudnæring i Noreg. Det vart utført ei rekke forsøk ved
fiskeanlegga som vart etablert. Desse anlegga eksisterer også
idag, men har skifta eigar. Svanøy Havbruk har stamfiskavd., settefiskavd. og
matfiskavdeling. I tillegg finns Marø Havbruk som produserer matfisk. |
| På Kvalstad Gard vart det
i 1975 etablert ein avlsstasjon for and og gås, og i 1980 ein forsøksstasjon for
storfugl, tiur og røy. Basert på tilskot frå Distriktenes
Utbyggingsfond og Landbrukets Utbyggingsfond, delvis også
Norges Bondelag, vart det her gjennomført forsøk over ein
10-års periode. Det vart også arbeidd ei årrekke med eit prosjekt for
produksjon av snittgrønt, herunder kristtorn. I 1990 vart det
etablert eit pilot anlegg for oppdrett av hjort og dåhjort, noe
som seinare er blitt til Norsk
Hjortesenter - eit ledende kompetansesenter i høve til vill hjort
og hjort i oppdrett. |
| Stiftelsen har helde ei lang rekke konferansar
og møter for organisasjonar med tilknytning til og
interesse for dei verksemder som Stiftelsen har arbeidd med. Det
gjeld mellom anna Norsk Kulturråd, Kulturminnerådet,
Skandinavisk Museumsforbund, Stortignets Landbrukskomité og
forskjellige fiskeriutval, samt fylkeskomunane og kommunale
institusjonar. Kronprinsparet og ei rekke statsrådar har også
vore på besøk. |
 |
Besøk av Kong Harald og Dronning Sonja (den gang kronprinspar), den 16. juni 1979.
Christian Sommerfeldt finner plass for signering i gjesteboka.
|
|
Ringverknadane har vore mange sidan Stiftelsen vart
etablert. Øya har fått vannverk, nye vegar og møtelokaler for å
nemne noko.
|
|
Liste over stiftarane kan du sjå her. |
|
|
|
Styre
og daglig leder for Svanøy Stiftelse |
|
|
|
Denne siden ble sist oppdatert 16.12.2006
|