Svanøy i media:
Kinn Bryggeri er eit ungt mikrobryggeri i Florø. Espen Lothe er entusiasten som har gjort hobby til levebrød. Bli med inn i Espen sin øl-verden. Han lærer deg alt du ikkje visste om øl. Og det beste av alt; du får smake på eit utval av hans ølsortar i kombinasjon med tilpassa Svanøy-tapas.
Norsk Hjortesenter veit det ein bør vite om om slakting, mørning og partering. Med eit 2-timars praktisk demonstrasjonskurs vil du lære mykje nytt og nyttig om kjøthandtering. Henk og Johan Trygve viser deg korleis. Dei arrangerer også komplette kurs over 1-2 dagar. Følg med på hjemmesidene deres.
To grunnar gjer Svanøy til ein eigna plass for matkurs. For det første har vi tilgang til fantastiske råvarer, for det andre har vi eit stort kontaktnett i kokkemiljøet. Bli inspirert av verdens beste kokkar og bli med og lag din eigen mat.
Svanøy Stiftelse og Stiftelsen Svanøy Hus - N-6914 Svanøybukt • Telefon: + 47 57 75 21 80 • E-post: johan@svanoy.com • ![]()

