SVANØY HOVEDGAARD

har tilsaman 19 doble rom. Desse er fordelt på 3 hus. Hovedbygningen har 12 dobbeltrom - dei fleste med enkle(separate) senger. Nokre rom har bad på rommet , medan andre har bad på gang. Det finns også badstu her. "Meieriet" er eit lite koseleg hus på tunet med 3 rom -eitt med dobbeltseng og to med enkle senger- totalt 6 senger. "Eldhuset" har 4 rom med dobbeltsenger, og to bad på gang.

 

 

MØTELOKALE PÅ SVANØY

 

Norsk Hjortesenter:

”Hjortefaret”: Nytt konferanselokale med moderne møteteknisk utstyr/AV-utstyr i restaurert gardsbygning/låve frå 1925. ”Villmarksstil”og jaktpreg.

Kapasitet: ca. 45 pers. i klasseromsoppsett.

 

Svanøy Hovedgaard:

”Vognremissen”: Restaurert bygning frå 1700-talet som inneheld møterom med standard møteteknisk utstyr. Moderne AV-utstyr kan settast opp etter behov. Bygningen har gamle tømmerveggar med historiske bilete, og er tilpassa dagens bruk med toalett/garderobe og tekjøkken.

 

Kapasitet: ca. 30 pers i klasseromsoppsett.