Svanøy i media:

Viltseminar 2017

ved Førde 17. og 18. mars 2017

ÅRETS VILTSEMINAR 2017


Vi har med dette gleda av å invitere deg til Årets viltseminar!

 

Scandic Sunnfjord Hotel & spa i Førde 17.–18. mars 2017

 

 

VILTSEMINARET ER EIT SAMARBEID mellom Norges Jeger- og Fiskeforbund Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Bondelag, Vestskog og Norsk Hjortesenter. Det set fokus på aktuelle tema i høve hjortevilt, småvilt og rovvilt. Målet er å skape ein felles møtestad og arena for den kommunale viltforvaltninga, grunneigarar, jegerane og elles alle med interesse for vilt og viltforvaltning. Programmet er rikhaldig begge dagar og vi håpar så mange som mulig har høve til å bli med både fredag og laurdag.

 

DETTE ER STADEN FOR Å LØFTE EIGEN KUNNSKAP og å dele egne erfaringar med andre. Vi set av tid til spørsmål og diskusjon kvar dag. Og seminaret er ein god stad å bygge nettverk. Her samlast alt frå deltakarar frå sentrale offentlige myndigheter til jegeren på stubben. Dei har ulike roller i høve viltforvaltninga, men er alle like viktige.


FREDAG VERT AVSLUTTA MED EIN TRIVELIG FESTMIDDAG OG GOD UNDERHALDNING. Blant anna skal vinnaren av Årets minste hjortebukk 2016 kunngjerast. Dette er ei konkurranse som er sett i gong som ei motvekt til alt fokuset og «statusen» med å skyte store bukkar.

 

GEVIRBEDØMMING BLIR DET OGSÅ: Har du eit gevir du ynskjer å få målt/bedømt? Då har du moglegheita til å få gjort det under seminaret. Sjå eige påmeldingsskjema som fylgjer med.

 

BÅDE VÅPENLOFTET OG FELLESKJØPET vil ha stand utanfor konferansesalen, og dei stiller med godt utval av og gode tilbod på jaktutstyr m.m


VESTNORSK TROFE-MONTASJE stiller med gode råd og syner noko av arbeida sine.

 

Invitasjon, program og priser kan du laste ned her!

 

Les kursbetingelsene.

 

 

 

 

 

Sted: Scandic Sunnfjord Hotel & spa
Tid: 17. mars klokken 11:00 - 00:00 og 18. mars klokken 10:00 - 15:15.
Kontaktperson: Magnus Frøyen, Telefon: 57 75 21 80 | Mobil 90 14 53 16 | Epost: magnus@svanoy.com
Antall ledige plasser: 6 av 160

Pris: Pris avhenger av valgt seminarpakke - se alternativene ved påmelding!