Svanøy Hovedgård |
|
|
|
|
|
Bispegods inntil 1537 Bru er det gamle namnet på garden og vi veit ikkje kven som har sete på den i middelalderen. I seinmiddelalderen var den blitt ein del av Bjørgvin bispestols gods. I Diplomatarium Norvegicum VII er det ei oppteikning over det som fire prestar skulle skyte saman av mat og drikke då bispen skulle på visitas til Bru i 1322 eller 1323. |
|
|
Krongods frå 1537 til 1661 Då reformasjonen vart innført, konfiskerte kongen bispegodset. Det ser ut til at Bru i denne perioden har vore stilt til disposisjon for ein del personar i det kongelege byråkrati som har kunne glede seg over avkastninga på garden mot å betale ei rimeleg bygselavgift. Ei rekke fogdar og adelsmenn var brukarar av Bru gard i denne perioden. |
|
|
Svanegods frå 1661 til 1726 Ved innføring av eineveldet i 1660 var Frederik III blitt eineherskar over ein stat på veg mot fallitt. Kongen sitt gods i Sunnfjord representerte ei stor samliing eigedomar, og den mest betydlege av desse var Bru gard. Heile Sunnfjordsgodset vart seld som ei eining, og kjøparen var titulær erkebiskop i København Hans Svane. I 1666 fekk Hans Svane og hans arvingar kongebrev på skattefridom av godset. To år etter døydde Svane. Den 16. mai 1685 fekk enka hans brev frå den nye kongen, Christian V, om at Bru gard skulle vere ein "hoved- og sædegaard lige med de gamle adelige sædegaarde". Samtidig ga kongen tillatelse til at Bru gard skulle bere namnet Svane Hovedgaard, og at brukarane under denne garden skulle danne eit birk, eigd av Svane sine arvingar. Birket utgjorde ein eigen domsmyndigheit og eige forvaltningsapparat. På vestlandet var det utanom Svanegodset berre Rosendal baroni, Lysekloster og Halsnøy kloster som hadde birkerett. Familien Svane eigde godset i 56 år. |
|
|
Ei rekke forvaltarar tok hand om godset for familien Svane. I 1718 vart alle Svane-arvingane sine eigedomar og rettigheiter i Sunnfjord seld til justisråd, stiftsbefalingsmann Johan Sigismund de Lillienpalm. Hans tid som godsbestittar i Sunnfjord vart kort. Godset skifta eigar enda ein gong dette året før den særs velståande stiftamtsskriver Severin Seehusen overtok. |
| Han hadde like før erverva Damsgaard Hovedgaard utanfor Bergen, men Svanegodset kunne gje han adelstittel - noko Damsgaard ikkje kunne. Severin de Svanenhielm, som vart adelsnamnet hans, kom få år etter i ein botnlaus kassamangel på over 100 000 riksdalar. Kongen tok beslag i godset, og selde bortimot 340 bruk enkeltvis på auksjon. Hovudgarden på Svanøy mista sin birkerett men var framleis ein setegard, og hadde fem gardsbruk underlagt seg. | |
|
Storgard, administrativt sentrum og representasjonsbustad Ein svigerson, og deretter sonen til Svanenhielm vart seinare eigarar. I 1749 vart eigedomen seld til kammerråd og fogd over Sunnfjord og Nordfjord Hans Thiis Nagel. Han erverva etterkvart omlag 100 gardar i Sunnfjord, som han administrerte frå Svanøy. I hans 20 år som eigar til hans død, var Svanøy eit naturleg sentrum i Sunnfjord. Då Nagel kjøpte eigedomen, var husa i ei sørgeleg forfatning. Ved hans død var bygningane i utmerka stand. Han bygde Svanøy Hovedgaard opp til å bli ein av vestlandet sine best bebygde storgardar. Hovudbygningen vart det dominerande hsuet i Hans Thiis Nagel sit gardsanlegg, men til garden høyrde dessutan omlag 30 andre bygningar. Dei fleste låg oppe rundt hovudbygningen og kyrkja, mens sjøhus og naust låg nede ved hamna. |
|
|
Sonen hans Jens Worm Nagel overtok både fogdembetet og Svanøy Hovedgaard, men døydde barnlaus berre 49 år gamal i 1788. Enka gifte seg på nytt med eigaren av Damsgaard; Herman Dietrich Janson og Damsgård vart deira faste bopel. |
|
Ole Torjussen og hans etterslekt 1804-1986 Det forbausa mange då Janson i 1804 skreiv kjøpekontrakt med Hans Nielsen Hauge. Frå å vere hovudgard for ein rik og mektig fogd vart Svanøy no forvandla til eit sentrum for haugianarane i eit liv prega av gudsfrykt og nøysomheit. Haugianaren Ole Torjussen Helling, som tok Svanøe som etternamn, dreiv i første halvdel av 1800-talet garden fram til å bli eit mønsterbruk. For å skaffe plass til alle som skulle ta del i fellesskapet, vart det naudsynt å utivde den gamle hoveudbygningen betydleg. Den einetasjes hovedfløyen vart bygd opp i to fulle etasjar, og det vart bygd til fløyar slik at hovudgarden kom til å utgjere eit firfløya anlegg omkring eit gardsrom. Den forma som hovudbygningen og gardsanlegget fekk i løpet av denne ombyggingsperioden, er i hovuddrag teke vare på til våre dagar. |
|
|
Under haugianarane sine hender vart Svanøy Hovedgaard etterkvart sjølvhjulpen på mange områder: kornet var malt på eiga møllte, tømmer frå øya vart skåre på eiga sag, noko av materiale vart brukt i eige båtbyggeri, og i sjøhusa vart fisken salta med eige salt. I tillegg til å bygge opp ei rekke verksemder på øya, var Ole Torjussen Svanøe stortingsmann frå 1814 til 1842, og i 1821 fekk han borgerdådsmedaljen. |
| Neste generasjon, representert ved sonen Christoffer Svanøe, overtok i 1840-åra. Han vart ein foregangsmann innan jordbruk, og han sat på Stortinget i fleire periodar mellom 1848 og 1869. Ei prøverdrift med kopargruver kom igang i 1860-åra, men det var først i 1880-åra med neste generasjon ved Ole Svanøe at gruvedrifta kom skikkeleg i sving. På det meste arbeidde det 100 mann i gruvene. Etter to periodar med malmuttak tok gruvedrifta slutt kring 1920. Inngangane til nokre av gruvene samt slagghaugar, er synlege også idag. Sonen til Ole, Bjarne Svanøe, eigde garden til sin død i 1925, og då fekk enka Amalie Svanøe eigdomsretten og budde på garden til sin død i 1986. I 1945 tok sonen Kristoffer Svanøe over garden, og Svanøy Stiftelse vart oppretta i 1972 basert på ein avtale med familien Svanøe. Hovudbygningane vert idag disponert av stiftelsen, mens familien Svanøe, idag representert ved Ole Svanøe, driv garden. | |
| Interiør og inventar Det er berre tilfeldige restar att av det utstyr og inventar som har eksistert på Svanøy Hovedgaard under dei ulike eigarar og brukarar. Det eldste minne om eigarane på 1600-talet er den storer renessansekista i storstua. Ei støypt jernplate i brannmuren på kjøkenet ber Frederik III sitt monogram, og må vere støypt seinast i 1670 då kongen døydde. |
|
![]() |
Det er óg bevart møblar frå andre halvdel av 1600-talet, m.a ein løybenk med bein forma som løvepotar. Elles er det først og framst på 1700-talet det skjer inngripande endringar med bygningen og inventaret. Den vakre, handmalte voksduktapeten i forstua er truleg laga i Tyskland på 1700-talet. |
| I 1840 vart rokokko-møblar erstatta med
biedermeyermahogny. Seinare vart rokokkomøblane tekne ned att frå loftet
og restaurert og sett tilbake i storstua. Det er godt mogleg at nokre av
møblane har stått på Damsgaard i si tid.
Nikolai Astrup var ein nær venn av familien Svanøe og ein hyppig gjest på garden. Han forærte eit maleri med motiv frå hovudgarden, han teikna mønster for tekstilar i huset og dekorerte ei fane for ungdomslaget. Av anna inventar kan nemnast eit solur av kleberstein frå 1759, døypefonten i kleberstein frå 1200-talet og alterstaken i messing frå 1637. Her finns også ei omfattande boksamling som inneheld m.a. ein tysk bibel frå 1631 og eit verk etter fransiskanermunken St. bernhardinus frå Siena, trykt i Venezia i 1590-91. |
|
| Til heilskapsbiletet av Svanøy som kulturelt sentrum høyrer også dei mange gjenstandar som har vore på hovudgarden og som no finns hos forskjellige medlemmar av slekta Svanøe. Det kan nemnast ei rekke kongeportrett frå Frederik IV si tid(1671-1730) og personleg eigedelar etter Ole Torjussen Svanøe. | |
| Svanøy Hovedgård i dag
I dag blir det unike anlegget med i alt 6 bygningar samt hage- og parkanlegg tatt vare på av Stiftelsen Svanøy Hus (SSH). Stiftinga blir leia av eit eige styre og dagleg leiar er Johan Trygve Solheim. Vedlikehald av heile anlegget er gjort mogleg gjennom deltakarar som kvart år støttar stiftinga med eit betydeleg beløp. Sjå liste over våre sponsorar her!
|
|
| Boka om Svanøy Hovedgård
For meir detaljar omkring Svanøy Hovedgård tilrår vi boka: "Svanøy Hovedgård- Historien om et impulssentrum". Ring oss på 57 75 21 80, bestill boka frå vår eigen nettbutikk eller send oss ein e-post og du får boka i posten for kr 150,- + porto. |
|
|
Denne siden ble sist oppdatert 16.12.2006 |
|