VILLMARKSLEIREN
VED KVALSTADVATNET
Villmarksleiren
til Norsk Hjortesenter har blitt svært populær for grupper. Dette er eit
tilrettelagt område ved Kvalstadvatnet, bygd opp på slaggrestar etter
kopargruvene frå Haugianarane si tid - dvs. god drenering. Her finns
benkar rundt grue der ein kan lage mat og koke kaffi, samt gapahuk og god
gamaldags utedo. Mogleg med overnatting i medbrakte telt, eller under open
himmel – på treflakar med reinsskinn. Aktivitetar som vi legg opp til
her kan f.eks. vere øksekasting og pil- og bogeskyting på blink, rebusløp
m.m. Mogleg med lunsjservering eller grilling ved kokk. Vi har også
planar om å kjøpe inn kanoar til bruk på vatnet, og kanskje med tida
sette ut regnbogeaure for fiske i vatnet (finns fin aure i vatnet også i
dag).
|
|
|
|
|
|
|
|