|
Dåhjort
(Dama dama) -
Karaktertrekk, vekst og utvikling. Dåhjorten,
også kalt dådyr, tilhøyrer hjortefamilien. Hanndyra kallast dåbukk
og hodyra dåhind eller då. Den er naturleg utbreidd i Sør-Europa ved
Middelhavet, men er gjennom utsetting spreidd til 6 kontinent. I Norge
har vi ville bestandar på øya Hankø i Vestfold og aust for Glomma i
Østfold.
Pels
og farge Ingen
av dei andre hjortedyrartane kan vise til så mange fargevariantar som dåhjorten.
Fargen kan variere frå kvit til nesten heilt svart, men den vanlegaste
formen har lys brune/raudlege kroppssider med lyse flekkar og lysare
einsfarga buk og bein. Bakre og øvre del av låra er dekka av kvite hår
og utgjer det såkalla speilet. Dette feltet er kanta med mørkebrune
eller svarte hår. Vinterpelsen er generelt noko mørkare enn
sommarpelsen, og er oftast utan dei karakteristiske lyse flekkane.
Vekst
og utvikling
Etter
å ha gått drektig i snaue åtte månader, kalvar dåhinda i månadsskiftet
juni-juli. Tvillingfødslar kan forekome, men vanlegvis føder ei då
berre ein kalv med ei fødselsvekt på omkring 4 kilo. Både
ho- og hanndyr vert vanlegvis kjønnsmodne ved 1½ års alder. Som treåring
er dåhinda fullvaksen og veg mellom 40 og 65 kilo. Bukkane er
fullvaksne først ved fem års alder og veg då mellom 80 og 120 kilo.
Skulderhøgd på vaksne dyr ligg mellom 75-105 cm og kroppslengde på
130-175 cm. Bukkane ligg i det øvre skiktet av skalaen og hindene i det
nedre. Dåhjorten vert vanlegvis ikkje meir enn 10-12 år, men enkelte
individ kan bli godt over 20 år. Høg alder resulterer gjerne i
redusert kroppsvekt og nedsett reproduksjon. Gevir Som
hos dei fleste andre hjortedyrartane er det berre hanndyra som får
gevir. Geviret er viktig både for individa sin sosiale status og som våpen
i kampar bukkane imellom. Det første settet veks fram ved eit års
alder, og er berre to rette stenger utan forgreiningar. Bukkane ber
geviret gjennom heile vinteren, og feller det først i april-mai. Snart
etter tek eit nytt sett til å vekse fram. Under veksten er geviret
omgitt av eit mørkt hudlag (basten). Basten inneheld eit rikt nettverk
med nerveceller og blodårer, og sørger på denne måten for vern og
tilførsel av næringsstoff i vekstperioden. Mot slutten av august og
starten av september er det nye geviret ferdigvakse. Basten tørkar no
ut og vert feia av dei harde gevirstengene. Dåhjorten
sitt gevir særmerker seg med at øvre del på kvar side formar ei
forgreina plate, såkalla palmeatgevir. Både utstrekning på geviret og
storleiken på plata aukar med alder. -
Atferd, aktivitetsmønster og leveområde. Aktivitetsmønster Dåhjorten
er dagaktiv. Mesteparten av aktiviteten er knytt til beiting, som foregår
meir eller mindre jamnt frå tidleg morgon til skumring. Resten av døgnet
går med til hjorting (drøvtygging) og kvile. Vinterstid er
stoffskiftet kraftig redusert, og aktiviteten tilsvarande nedsett. Kulde
og mindre tilgang til næring gjer at den går på sparebluss, og kun
dekkjer det mest nødvendige energibehovet. Med si naturlege utbreiing i
sørlegare strøk er dåhjorten dessutan dårleg tilpassa store snømengder.
Mykje snø fører til redusert tilgang til gras og den blir tvinga til
å beite på tre og busker. Leveområde
og sansar Dåhjorten
er eit flokkdyr hovudsakleg tilknytta kulturpåverka område i låglandet.
Den er ein spesialisert grasetar, men vinterstid utgjer meir vedrik kost
i skogen ein større del av dietten. Som ei tilpasning til eit liv i
opne område er synet den viktigaste av sansane. Den kan, i motsetning
til andre hjortedyr, gjenkjenne urørlege menneskeskikkelsar. Skumrings-
og nattesynet er derimot dårlegare, og kan samanliknast med
menneskesyn. Lukt og hørsel er mindre viktige i det opne landskapet dåhjorten
foretrekk, og dermed dårlegare utvikla i forhold til andre dyreartar i
nær slekt. Dåhjorten er dessutan svært stadbunden og då ofte i
tilknytting til brunst- og kalvingsplassane.
Sosiale
band Kalven
vert fødd i månadsskiftet juni/juli. Den første tida etter fødselen
ligg den og trykkjer medan mora held seg i nærområdet. Kun i korte
periodar oppsøker hinda kalven for å die. Kalven legg raskt på seg,
og etter omlag ei veke følgjer han mora. Han held seg tett ved mora den
første tida, men det førekjem og at kalven diar andre hinder. Mot
hausten når brunsten nærmar seg kan kalvane gjerne bli overlatt til
seg sjølve, og dei slår seg då saman i mindre kalvegrupper. Dette er
og tilfelle året etter når hindene føder nye kalvar. Gjennom
mesteparten av året dannar voksne hinder, ungdyr og kalvar større
familiegrupper. Voksne hanndyr held seg helst for seg sjølve i eigne
flokkar. Brunsttid. Når brunsten startar i oktober vandrar bukkane til hodyra sine opphaldsstader. Dei eldre bukkane etablerer eigne små brunstområder (ca. 1/5 hektar), og markerer desse med duft, feiemerker og brunstgroper. Dette området blir forsvart mot rivaler, samstundes som dei prøver å samle seg harem av hodyr som oppsøker brunstplassane. Dersom det kjem framande bukkar inn i eit brunstområde oppstår det konfrontasjon. Er det klar skilnad i storleik vil den minste bukken trekke seg unna ganske raskt, men er dei jamnstore kan det kome til kamp. Yngre bukkar forsvarar ikkje eigne brunstområde, og oppheld seg under brunsten i grupper saman med hodyra. -
Habitat og fødeval Gras
og grovfôr Dåhjorten
si primære føda gjennom heile året er ulike urter og grasartar i tråd
med det naturlege tilbodet i leveområdet. Tilpassingar i fordøyingssystemet
gjer at han kan nyttiggjere seg ein meir fiberrik kost enn til dømes
hjort. Dåhjorten har klare preferansar for ulike grasartar. Typiske
engartar, som raudsvingel, raigras og engrapp står høgt i kurs.
Grovare grasartar, som hundegras, vert mindre beita, medan blåtopp, sølvbunke,
starr- og dei fleste sivartane blir unngått. Lauv
og urter Dåhjorten
beiter ein del i rike skogtypar, som til dømes edellauvskog og lågurtskog.
Her finst det ulike urter, som kan utgjere frå 5 til 25 % av
sommardietten. Beiting
av lauv og skot er mest vanleg på vårparten, då dette
plantematerialet er ferskt og næringsrikt. Selje, vier, rogn, bjørk og
eik er vanlege beitetreslag, og slik føde kan utgjere oppmot ¼ av
totalt fôropptak gjennom sommaren. Haustsnadder Dåhjorten
er svært glad i frukt og nøtter. Dersom det er tilgjengeleg, er dette
svært viktig føde på haust-parten. I gode år kan det dominere
fullstendig. Særleg er nøtter frå eik og hassel ettertrakta. Sopp og
bær av ulike slag vil også og kunne inngå i dietten på denne tida av
året. Lauvfall er vanleg kost frå haustparten og utover vinteren. Vinterfôr
- meir vedrikt Føda
vinterstid er meir fiberrik enn gjennom resten av året. Lyngartar som
blåbær-, tyttebær- og røsslyng er viktige tilskot i tillegg til det
som finst av grasbeite. Barnåler frå einer, gran og furu samt knuppar
og bork frå rogn, selje, vier og kristtorn kan også vere viktige
tilskot til vinterkosten. Leveområde
og forflytting/vandring Dåhjorten
er eit flokkdyr, og sterkt bunden til brunst- og kalvingsplassane. Opne
kulturlandskap med god tilgang på grasbeite er foretrukke som leveområde
både vår og sommar. Skogen vert meir nytta som tilhaldsstad om hausten
og vinteren. I forhold til mange andre hjortedyr, er dåhjorten nokså
stasjonær gjennom heile året. Lengre sesongvandringar mellom ulike
opphaldsområde er ikkje vanleg, men dette vil variere med fødetilgangen.
|