Sluttrapport Hjorteskadeprosjektet 1998-2000 Full tittel: Veiberg, V. 2001. Sluttrapport Hjorteskadeprosjektet 1998-2000, Norsk Hjortesenter, Rapport 1/2001 : 1-58. ISBN 82-8040-005-2
Referat Hjorteskadeprosjektet kom i stand
etter hovudinitiativ frå Sogn og Fjordane Skogselskap. Bakgrunnen for
prosjektet var at den etterkvart store hjortebestanden på Vestlandet,
medførte stadvis omfattande skadar på produktiv skog og eng. For
grunneigarar som vart hardt råka resulterte skadane både i store økonomiske
tap, og i varierande grad avgrensingar i forhold til kva produksjon den
enkelte kunne drive med. Kjennskapen
til førebyggande tiltak, skadetaksering, kunnskap om årsaksforhold,
kortsiktige og langsiktige effektar var mangelfull eller fråverande.
Gjennom prosjektet håpa ein å få svar på enkelte av dei mest sentrale
spørsmåla relatert til desse problemstillingane. Bruk av gode viltgjerder har gitt svært positive resultat ved førebygging av hjorteskadar. Mange ulike løysingar har blitt prøvd. For å samanlikne fire vanlege gjerdekonstruksjonar med omsyn til pris, vedlikehald, sterke og svake sider, blei det laga ei samanstilling av brukarerfaringar og tilrådingar frå materialleverandørar (kap.3.3). Resultatet viste overraskande liten prisskilnad mellom dei fire typane. Etter ei heilskapsvurdering vart likevel gjerder konstruert med viltnetting, trekt fram som den jamne vinnar. Både i
samband med beiteskadar på eng og drivverdig skog har det mangla presise,
objektive og brukarvennlege metodar for registrering og taksering av dei
aktuelle skadane. Før slike kan utformast trengst det grunnleggande
kunnskap både om metodiske avgrensingar, og dei forhold som direkte og
indirekte påverkar effektane av skadane. Medan arbeidet som var retta mot
skadar på eng stoppa opp grunna manglande finansiering (kap. 3.2), hadde
ein større suksess med innsatsen mot skogskadar. Hovudfokus blei sett på
skadar i form av borkgnag på gran i hogstklasse 3 og 4. I samarbeid med
SKI vart det utforma eit framlegg til standardisert metodikk for
registrering og taksering av gnagskadar (kap. 3.4). Som grunnlag for
berekning av økonomisk tap, var det nødvendig med registreringar av
skadeomfang. Registreringsbehovet auka med reduksjon av bestandsarealet.
Den vidare utrekninga av påført tap, gav moglegheit til å ta omsyn til
variable kostnader og inntekter, varierande vekstforhold og ujamn
fordeling av skadane. Undersøking
av innslag og utbreiing av råtesoppar etter borkgnag vart gjennomført i
samarbeid med NISK (kap. 3.5). Alle dei undersøkte trea var infisert av
ein eller fleire typar mikroorganismar. Utbreiinga varierte i stor grad
avhengig av type sårinnvandrar. Medan raud bartrekreftsopp var den
vanlegaste sopparten, førte toppråtesoppen til raskast råtespreiing. Bruk av grovdetaljerte registreringar av skadeomfang kan ha relevant nytte i forvaltningsmessig samanheng dersom ein er klar over kva avgrensingar som ligg i materialet. Sogn og Fjordane Skogeigarlag har gjennom fleire år samla inn denne typen informasjon. Sett i samanheng med andre opplysningar frå Skogeigarlaget sitt planarbeid, kan denne type registreringar gi nyttig informasjon om lokalisering av noverande og framtidige problemområde og utvikling i skadepress (kap. 3.6). Som ledd i ei aktiv og målretta forvaltning av både vilt- og skogressursar kan denne type registreringar absolutt vere til god nytte.
|