Sjodogg

Formålet med prosjektet var å undersøke om hjort kan bli smitta av ein granulocyttær Ehrlichia infeksjon, og vere berar av infeksjonen i lengre tid. Bakterien vert overført med skogflått. 

Granulocyttær Ehrlichia infeksjon er dei seinare åra påvist på menneske i ei rekke land og på fleire dyreartar, mellom anna hjortevilt og smågnagarar. Bakterien vert overført med skogflåtten, Ixodes ricinus. Sjukdom på småfe og storfe årsaka av denne bakterien har vore kjent her til lands i lang tid (sjodogg).

I 1998 vart det første tilfelle av denne sjukdomen (granulocyttær ehrlichiose) påvist på menneske her til lands. Sjukdomen er også påvist på elg og rådyr.

Det har blitt hevda at ville hjortedyr og smågnagarar kan fungere som reservoar for granulocyttær Ehrlichia infeksjon i naturen. Formålet med denne eksperimentelle undersøkinga var å finne ut om hjort kan bli smitta av denne bakterien og fungere som naturleg smitteberar/-reservoar i lengre tid. 

Prosjektansvarleg: Snorre Stuen (Snorre.Stuen@veths.no), Noregs Veterinærhøgskule, Institutt for småfeforskning.

Publisering: Stuen, S., Handeland, K., Frammarsvik, T. & Bergström, K. 2001. Experimental Ehrlicia phagocytophila infection in red deer (Cervus elaphus). Vet. rec. 149: 390-392.