RAPPORT 4

Hjorteskader på granskog i Stryn – Bruk av Sogn og Fjordane Skogeigarlag sine takstdata frå 1997-1998

Full tittel: Hjorteskader på granskog i Stryn – Bruk av Sogn og Fjordane Skogeigarlag sine takstdata frå 1997-1998. Hjorteskadeprosjektet, Rapport 4: 1-19.  ISBN 82-8040-004-4.

SAMANDRAG

I samband med Sogn og Fjordane Skogeigarlag sitt årlege markarbeid, er det gjennom dei siste åra gjort registreringar av hjorteskader på drivverdig skog. Skader er berre registrert der omfanget er vurdert å ha vesentleg negativ økonomisk effekt for skogeigar (skadeomfang ³ 20 % av tretalet). Materialet er i tillegg søkt delt inn i eldre eller yngre skader, ut frå om majoriteten av sårskadane innan det enkelte bestand fell inn i den eine eller andre gruppa.

Rapporten er meint å gi eksempel på kva slutningar som kan trekkast på bakgrunn av enkle registreringar av hjorteskader. Føresetnaden er at oppdatert informasjon om dei samanlikna variablane også er tilgjengeleg.

Undersøkinga er basert på takseringsmaterialet frå Stryn kommune. Markarbeidet vart gjennomført i 1997 og 1998. Analysearbeidet var konsentrert om bestand der gran utgjorde minimum 50 % av det totale bestandsvolumet. Totalt 212 grandominerte bestand vart registrert som skadde av hjort. I 10,9 % av desse var det registrert ei overvekt av unge sår. Gjennomsnittleg alder for skadde bestand var 42 år mot 31 år for det totale takseringsmaterialet frå kommunen. Hogstklasse 31 og 41 var overrepresentert og hogstklasse 21 og 22 var underrepresentert i forhold til den totale førekomsten av desse klassane. Gjennomsnittleg bestandsstorleik for skadde bestand og heile materialet var tilnærma likt (7,4 dekar). Fordelinga av skadde bestand innan vegetasjonstypar, viste tydelege avvik i forhold til det naturlege tilbodet. Medan småbregneskog var representert i mykje større omfang enn forventa ut frå den naturlege samansettinga, var bærlyngskog og spesielt blåbærskog underrepresentert. Eit tilsvarande bilete var synleg med omsyn til markslagfordeling. Bestand på høge bonitetar var tydeleg meir skadeutsette enn bestand på låge bonitetar.

Dei handsama registreringane kan nyttast for å få eit grovt overblikk både over det eksisterande skadepresset og tidlegare valda skade innan eit område. Eit minimumsestimat over dei akkumulerte skadekostnadene kan lagast på bakgrunn av informasjonen, men resultatet vert svært usikkert. Registreringane høver derimot godt til å peike på problemområde der ein treng grundigare lokale undersøkingar for å stadfeste skadeomfang. Skogtakseringa vil enkelt kunne peike på framtidige potensielle problemområde. Kva detaljeringsnivå slik informasjonen treng ha, blir eit avvegingsspørsmål mellom kor mykje tid og ressursar ein skal bruke på å skaffe opplysningane til veges, og den vidare bruken og nytten av desse.

I samband med ei langsiktig ressursforvaltning og vurderingar omkring nytte og kostnader knytt til tette hjorteviltbestandar, er det lett å sjå at slik informasjon kan ha reell bruksverdi. Dette gjeld både med omsyn til overvaking av dagens og gårsdagens situasjon, men også når det handlar om å forutsjå ei framtidig utvikling. Ein må derimot vere bevisst på dei avgrensingane som er knytt til tolkinga av materialet.