|
Metodikk for registrering og taksering av hjorteskader på gran i hogstklasse 3 og 4 Full tittel: Veiberg, V. & Pettersen, J. 2000. Metodikk for registrering og taksering av hjorteskader på gran i hogstklasse 3 og 4. Hjorteskadeprosjektet, Rapport 3: 1-32. ISBN 82-8040-003-6. Samandrag Ein hjortebestand i sterk vekst gjennom mange år har ført til auka skadepress på drivverdig skog. Alvorlegast er problemet med borkgnag eller borkskrelling av gran, og for mange skogeigarar har dette medført omfattande skadeproblem. I dag finst det ingen fungerande erstatnings- eller kompensasjonsordningar for denne typen skader. Skeiv fordeling av nytte og kostnader knytt til hjorten har dermed gitt grunnlag for sterke interessekonfliktar. Eit ledd i arbeidet med å redusere desse motsetningane er å bidra med objektiv informasjon. Mangelen av eit godt registrering- og takseringsverktøy for hjorteskader på drivverdig granskog, har vanskeleggjort synleggjeringa av dei kostnadene dette har medført. Utvikling av slike hjelpemiddel har derfor vore eit felles ønske frå både skogbruket og viltsida. Tilrådd registreringsmetode er basert på ein prøveflatemetodikk der registreringsflater på 50 m2 vert lagt ut langs takseringslinjer. Sjølve registreringane krev lite utstyr og eit minimum av instruksjon og skogfagleg kompetanse. Skadde og uskadde framtidstre vert talde, og dannar grunnlag for vidare berekning av økonomisk tap i dag eller i framtida. Kor stor del av eit bestand som treng inngå i registreringa varierer med bestandsstorleik. Medan 2-5 % av totalarealet er tilstrekkeleg for bestand større enn 15 dekar, bør om lag 16 % av eit bestand på to dekar dekkjast av registreringsflater for at utvalet skal gi eit representativt bilete av skadesituasjonen. I dei økonomiske vurderingane har vi i første rekke søkt å finne ein enkel og praktisk brukbar metode for å berekne det økonomiske tapet etter følgjande framgangsmåte: 1. Utgangspunktet er normal produksjon og sortimentkvalitet utan hjorteskader. 2. Den forventa verdiproduksjonen i bestandet etter skade vert vurdert. Ein prøver så godt som mogleg å ta med i vurderingane at ein del skadde tre overlever fram til hogstmodning, men at verdien av desse vert redusert av råteskader på rotstokken. 3. Skogeigaren sitt tap vert representert ved skilnaden mellom punkt 1 og 2.
|