|
rapport 2 Registrering
av hjorteskade i Sogn og Fjordane 1998-99 Full tittel: Veiberg,
V. 1999. Registrering av hjorteskader i Sogn og Fjordane.
Hjorteskadeprosjektet, Rapport 2: 1-39. ISBN 82-8040-002-8. SAMANDRAGI 22 av kommunane i fylket vert problemet med innmarksskader oppfatta som monaleg. I 13 av desse synest omfanget også å vere aukande, medan to kan melde om ein reduksjon i skadepresset. 12 kommunar melder om skogskader som eit lokalt problem. I fem av dei synest omfanget også her å vere aukande. For alle kommunane som viser til monalege skogskader har ein også problem med innmarksskader. Eg er berre kjent med to tilfelle der ein har iverksett ekstraordinære tiltak for å hindre skader på skog. Dette skjedde på Tefre i Førde og på Nos i Gaular. Begge lokalitetane er mykje nytta overvintringsområde for hjorten. Ved å tildele skadefellingsløyver vinterstid ønska ein å ta ut og spreie dyra som var skuld i det høge skadetrykket. På Tefre var dette vellykka, og dei vart kvitt problemet i lengre tid. Gjennomføringa lykkast ikkje like godt på Nos, og det er umogleg å seie noko om effekten her. Ved etablering av juletreplantingar og felt for pyntegrøntproduksjon er det no ei aukande interesse for å sikre desse gjennom bruk av hjortegjerde. Stor verdiskaping på små areal gjer produksjonen sårbar. At det finst gunstige tilskotsordningar for bygging av gjerde i slike høve, er eit forhold som stimulerer folk til å tenke førebygging. Størst innsats for å førebygge og redusere hjorteskade er gjort i samband med produksjon på innmark. Her finn vi også det største mangfaldet av permanente og ikkje-permanente tiltak. Dei fleste variantane høyrer heime i den siste kategorien. Alt frå enkle kjerringråd til industrielt framstilte skremselsmiddel av kjemisk eller teknisk art er prøvd ut. Trass fantasi og utprøvingsvilje har likevel ingen av desse tiltaka vist seg å ha nokon vedvarande effekt. Å dømme etter rapporteringane er enkle hjortegjerde det mest effektive ikkje-permanente tiltaket. Konstruksjonane varierer i stort mon og effekten likeså. Kor godt enkle gjerde/tiltak lykkast i å redusere/hindre skade, er nok mykje avhengig av skadepress og hjorten sin tilgang på alternative beiteområde. Bruk av fysiske skilje mellom hjort og skadeutsett produksjon gir som venta størst skadereduserande effekt. Ein vedvarande effekt krev bruk av permanente hjortegjerde. Konstruksjon, effektivitet og prislapp varierer også her i stort mon. For ei nærare samanlikning sjå tidlegare rapport (Veiberg 1998). Det største problemet og hovudårsaka til at slike gjerde ikkje vert nytta i større omfang, er kostnadene ved oppsetting. Den største utfordringa ligg derfor i å finne billege, solide, haldbare og vedlikehaldsfrie løysingar. I Balestrand og Leikanger finn vi eksempel på at mange grunneigarar har organisert seg for å få skjerme større område. Ei slik løysing reduserer både kostnader og arbeid og er i tillegg effektivt for fleire. Felles for alle ikkje-bestandsretta tiltak er at dei ikkje gjer noko med dei forholda som er årsak til problemet. Bestandsnivået forblir uendra, men beitetilbodet vert redusert. Oftast går dette ut over nærliggjande naboeigedommar, som opplever eit tydeleg auka beitetrykk frå hjorten. Ein kan derfor vanskeleg hevde at dette representerer noko anna enn svært lokal problemløysing. Dette viser berre kor viktig samordning av slike tiltak er mellom tilgrensande område. Alle kommunane oppgir at dei søker å nytte bestandsretta tiltak for å førebygge/redusere hjorteskade. Dette vert gjort både gjennom styrt tildeling, oppfordring til felling av skadedyr i ordinær jakttid, tildeling av skadeløyver og variasjon i arealkrava som ligg til grunn for tildeling av løyver. Effektiviteten av dei bestandsretta tiltaka er avhengig av kor dyktige jegerane er til å plukke ut dei rette individa, og kor godt løyvetildelinga passar den faktiske bestandsstorleiken.
|