rapport 1

Permanente hjortegjerde - Vurdering av alternative løysingar, kostnader og inntening

Full tittel: Veiberg, V. 1998. Permanente hjortegjerde - Vurdering av alternative løysingar, kostnader og inntening. Hjorteskadeprosjektet, Rapport 1: 1-19. ISBN 82-8040-000-1

 

SAMANDRAG

Med unntak av ein vesentleg bestandsreduksjon, er gode hjortegjerde det mest effektive tiltaket ein kjenner til for å førebygge beiteskader frå hjort. Ved omfattande skadeproblem er tilråding om å sette opp slike gjerde mange gonger vorte gitt. Det største problemet er derimot at dette er svært kostnadskrevjande og at utgiftene vanlegvis må dekkjast av den enkelte grunneigar. Mange kvier seg derfor for å gå igong med dette arbeidet, sjølv om hjorten sine beiteskader er svært omfattande. Eit anna forhold er at gjerde rundt ein eigedom lett fører til at problemet berre vert overført til andre nærliggjande område, men i enkelte område kan hjortegjerde likevel vere heilt nødvendig for å kunne drive landbruksproduksjon.

Bakgrunnen for denne undersøkinga, var at ein mangla kunnskap og tilstrekkeleg tilrådings-grunnlag om gode hjortegjerdealternativ. Ulike løysingar har likevel vore freista av mange grunneigarar. Gjennom å samanstille eksisterande kunnskap håpa ein dermed å kunne sjå klarare kva metodar som eignar seg betre enn andre.

Fire ulike gjerdetypar vart samanlikna; to høgder husdyrnetting, viltnetting, reine straumgjerde og kombigjerde straum-netting. Samanlikningsgrunnlaget var 1000 meter gjerde med høgd 1,9-2 meter som etter materialkvaliteten burde ha ei levetid på minimum 20 år. Basert på dei materialkrava og prisane som samanlikninga bygger på, vart det reine straumgjerdet billegast (33 376,-) og kombigjerdet dyrast (39 775,-).  Basert på ei heilskapleg vurdering av materialkostnad, effektivitet, førespegla vedlikehaldsbehov og levetid er viltnettingen trekt fram som det beste gjerdealternativet. Eg vil likevel understreke at ulike tillempingar og omsyn til lokale forhold, sjølvsagt kan gi løysingar som både er billegare og vel så gode, eller betre, enn dei alternativa som her er handsama.