| Å finne alternative
driftsformer og å tenke nytt i dagens landbruk har blitt meir
aktuelt ettersom vilkåra for det tradisjonelle landbruket har
blitt stadig tøffare. Som følge av pågåande WTO-fohandlingar
kan vi vente oss meir internasjonal
konkurranse i landbruket, samtidig som forbrukarane stadig set større krav til produkta. Etterspørselen etter
hjortekjøt er stor og oppdrett av hjort
kan truleg vere eit alternativ for fleire i dagens landbruk.
Dette er eit forsøk på å gi ein kort informasjon om oppdrett
av hjort; fordelar og ulemper, kva som er stoda for hjorteoppdrett
i Norge i dag, hjort som produksjonsart, lover og forskrifter, kva
som må til for å starte opp og ein del omkring dei praktiske
sidene ved drift.
Fordelar og ulemper
Status i Norge
Lovgrunnlag
Hjort og dåhjort som
produksjonsartar
Praktiske sider
omkring hjorteoppdrett
Vanlege
spørsmål
Areal ,
dyretetthet og fôrkrav
Gjerdekostnader
Prisar på livdyr
Parasittbehandling
Merking
Prisar på kjøt
Fangst- og handteringsanlegg
Kva må til for å starte med hjorteoppdrett?
Norsk Hjorteavlsforening
Fordelar og ulemper
Fordelar med hjorteoppdrett:
- Etterspørselen etter hjortekjøtt er stor.
- Hjorten kan utnytte areal som ikkje har stor alternativ
bruksverdi.
- Hjorteoppdrett er forholdsvis lite arbeidskrevande samanlikna
med tradisjonelt husdyrhold.
- Det krev mindre investering i form av bygningsmasse
samanlikna med tradisjonelt husdyrhold.
- Hjortekjøtt er eit eksklusivt nisjeprodukt med høg
kilopris.
- Med litt kreativitet kan ein utnytte også andre delar av
hjorten som skinn, gevir, bein og fett. Også i turist/opplevingssamanheng
har hjorteoppdrett eit stort potensial.
Ulemper:
- Det finnast ingen etablert infrastruktur for slakting og
omsetning pr. i dag. Dette må ein finne ordningar på sjølve, men i tillegg så har
ein då sjansen til å ta ut større verdi av det ein sel.
- Hjort er ikkje definert som husdyr og tilkjem difor ikkje
produksjonstillegg slik tradisjonelt husdyrhold gjer.
- Regelverket knytt til hjorteoppdrett og lokal
produksjon/foredling og omsetning av kjøt er ikkje tilpassa
driftsform og status for landets hjorteoppdrett. Regelverket er
dels utforma på bakgrunn av reindrift og dels for hold av anna
oppdrettsvilt. Utfordringa framover blir å skape eit som sikrar
både dyrehelse og folkehelse, og som er tilpassa det enkelte
hjorteoppdrett sin driftsform.
Status i Norge
Hjorteoppdrett er ei forholdsvis ny næring i Norge, og finnast
spredt i heile 15 av landets 19 fylke. Den
første farmen starta opp i 1984, og pr. i dag er det 56
hjorteoppdrettarar i Norge, der 43 driv med hjort, 8 driv med
dåhjort og 5 har begge artane. Interessa er sterkt aukande og kvart år
kjem det nye til.
Konsesjonsstyresmakt blei i 1999 overført frå
fylkesmannsnivå til kommunalt nivå. Dette har hatt og vil få ein
positiv effekt for norsk hjorteoppdrettsnæring, sidan det
næringspolitiske aspektet vil få større betydning i
konsesjonsvurderinga.
Det er ei utfordring at kommunane som regel innehar mangelfull kunnskap om hjorteoppdrett.
Norsk Hjortesenter er eit kompetansesenter for hjort i Norge og
ønsker å bidra til å auke kunnskapen om både oppdrettshjort og
vill hjort.
Lovgrunnlag
De siste åra har det tilgrensande
regelverket endra seg svært mykje, og dette er eit teikn på at
regelverket er umodent i forhold til hjorteoppdrett. Vi jobber
aktivt for at det etablereast eit regeverk som er tilpassa
produksjon, foredling og omsetning i norske hjorteoppdrett. Dette
er særs viktig i prossesen der ny matlovgiving og omorganisert
matforvaltning skal finne sin form i tida som kommer.
Regelverket som eksisterer i dag
regulerer dyrevern, dyrehelse og omsyn til folk i etablering av
hegn, innfanging av livdyr, transport, sjukdomskontroll, slakting,
samt foredling og omsetning av hjortekjøt. Noko av regelverket er
av generell karakter (dyrevern, dyrehelse, slakting, foredling og
omsetning), mens hjorten er nevnt spesifikt i ein del av
regelverket (etablering av oppdrett, transport, merking). Kontakt
oss for meir detaljer informasjon om lovar, forskriftar og
etablerte ordninger.
Hjort og dåhjort som
produksjonsartar
Av våre hjorteviltartar har hjort og dåhjort både biologisk
og erfaringsmessig gode forutsetninger for oppdrett i innhegning.
Den gjennomsnittlege levealderen for ei hind er på 17 år. Ein
kronhjort kan bedekke eit stort antall hinder. Ei hjortehind får,
avhengig av vekt og kondisjon, kalv som 2 eller 3-åring. Hindene
er fullvoksne ved 5 års alder og veier då 80-120 kg. Bukkane er
fullvoksne først ved 6-8 års alder og veier då 140-200 kg.
Ernæringsmessig er hjorten ein generalist, men har evna til å
selektere beiteplanter med høgt næringsinnhald, særleg i
produksjonsperioden (sommarhalvåret). Det er då viktig at den
har tilgang til proteinrik og lettfordøyeleg kost. I
vinterhalvåret er stoffskiftet kraftig redusert, og det gir då
liten gevinst å fôre med proteinrik kost.
Dåhjorten er, som produksjonsart, noko mindre enn hjorten.
Hindene er fullvoksne etter 3 år og veier då 40-65 kg. Bukkane
er fullvoksne etter 5 år og veier 80-120 kg. Dåhjorten er eit
meir typisk flokkdyr og dessuten i enda større grad tilpassa
grasdiett enn hjorten. Ellers er biologien nokså lik hjortens.
Praktiske sider
omkring hjorteoppdrett
Vanlege
spørsmål
Kor stort areal? Kva areal? Kor mange dyr? Økonomi?
Investeringskostnader... Gjerder...Arbeidsinnsats... Fôring...
Dette er vanlege ting som folk lurer på når det gjeld
hjorteoppdrett. Under er det forsøkt å svare på det meste, og noko vil
du også kunne finne i rapporten frå Norsk institutt for
landbruksøkonomisk forksning (NILF).
Det finnes ingen norske bøker om temaet, men ein håndbok i
hjorteoppdrett frå Norsk Hjortesenter er rett om hjørnet.
I 1996 blei det
utarbeidd ein rapport omkring dei økonomiske sidene ved oppdrett
av hjortevilt i Norge. Rapporten omhandlar for det meste arten
hjort, og kan oppsummerast med
følgjande punkt:
- Lønnsomt hjorteviltoppdrett krever langt bedre pris enn hva
som i dag betales for storfekjøtt
- Betydelig investering ved etablering av hjorteviltoppdrett
- Vurder markedet før du investerer i hjorteviltoppdrett
- Hjorteviltoppdrett kan være en interessant
tilleggsproduksjon på en del bruk
Rapporten har tittelen "Økonomiske analyser av
hjorteviltoppdrett" (K. Repstad og H. Romarheim, Notat
23:1996). Rapproten kan du finne i gratis fulltekst på: http://www.nilf.no/Publikasjoner/Notater/Bm/1996/N199623Innhold.shtml
Ein oppsummering kan du finne på: http://www.nilf.no/Pressemeldinger/Bm/Tekst/pm19970128.shtml
Den kan også bestillast i parirformat frå NILF, og kostar då
kr. 60,-. Kontaktinformasjon:
Norsk institutt for for
landbruksøkonomisk forskning, Pb. 8024 Dep, 0030 OSLO. Tlf.
22367200. Fax.22367299.
Areal, dyretetthet
og fôrkrav
Det er ei vanlig misforståing at hjorten kan leve av det den
finn i skogen og noko gras. Dette gjeld den ville hjorten,
ikkje hjort som er inngjerda på eit avgrensa område.
Vi ønsker å påverke utviklinga slik at oppdrettsnæringa i
Norge satsar på forholdsvis ekstensiv drift der dyra kan leve av,
og helst oppnå gode slaktevekter på det fôret dei finn i
innhegninga i sommarhalvåret. For å få dette til må ein ha gode
grasbeiter i store delar av innhegninga. I vinterhalvåret må
ein uansett tilleggsfôre.
Eg vil vise til NILF-rapporten s. 53-58 for anslag av antall
dyr ein kan ha på eit område, og setter opp eit reknestykke for
å illustrere dette.
Fôrkrav:
Begrepet fôreining eller fôrenhet (FE) forutsettes kjent.
1 mordyreining: 1 voksen hind-0,07 unghind-0,1 kronhjort
(voksen bukk)-0,01 spissbukk-0,9 kalv. Sum: 2,08 dyr.
I NILF-rapporten har dei tatt utgangspunkt i at ein
mordyreining treng 1293 FE pr. år. Av dette forutsetter dei at
det blir gitt tilleggsfôr i vinterhalvåret på 380 FE, og at
resten, ca. 900 FE skal hentast frå beitet i sommarhalvåret.
Rapporten angir minst 2,5 da godt kulturbeite per. mordyreining.
Tabell for FE-verdiar i ulike areal s. 57 i NILF-rapporten.
Døme:
Tar vi utgangspunkt i eit areal på 150 da innmark, får vi
følgande reknestykke:
Antall FE pr. da vil sjølvsagt variere med bonitet osv, men vi
tar utgangspunkt i at ei normalt god eng gir 350 FE.
Totalt antall FE: 150 da * 350 FE = 52 500 FE
Antall mordyreiningar ein kan ha på det arealet: 52 500 / 900
= 58, 3.
Når ein ser på fôrverdi i ulike områder er det verdt å
legge merke til kor stor skilnad det er mellom innmark og utmark.
Blåbærhei eller tørrgrashei gir 2-8 FE pr. da, medan fulldyrka
innmark gir 300-500. Altså kan faktoren vere 1:100. I tillegg er
det erfaringsmessig dyrare å gjerde inn utmark enn innmark.
Dårlege beiter kan oppjusterast med noko stell. Rydding av
skog vil og gi større beiteareal.
I tillegg vil vi anbefale å ha noko av arealet som skog og
utmark for at dyra skal kunne finne skjul og ly (ikkje minst til
kalving) og trivselen vil då bli betre.
Gjerdekostnader
Gjerder vil vere den største investeringskostnaden ved start
av hjorteoppdrett
Det finnast ei mengd ulike gjerdefabrikantar, og prisen
varierer mykje. Vi anbefaler Cyclone- produktene som blir
forhandla av Cyclone Hegnsystemer ApS, Danmark og
Tornado-produktene som blir forhandla av Norsk Småfeservice,
Norge. Her kan ein berekne ein total materialkostnad på 60 kr. pr. gjerdemeter (inkl. netting, over/undertråd,
stolpar, krampar, wire, bardun og strekkfisk). Det er imidlertid
viktig å vere klar over at prisen vil variere kraftig med hensyn
til kva type terreng ein gjerder inn; på flat innmark vil det
vere rimeleg og tilsvarande dyrt i kupert utmark.
Dersom det er mogeleg, gå saman fleire om innkjøp for å få
ned prisen. Norsk Hjorteavlsforening har gode kontakter og vil
kunne hjelpe deg med å få ein god pris.
Prisar på livdyr
Innkjøp av livdyr er den andre store investeringskostnaden.
Norsk Hjorteavlsforening anbefaler ein pris på kr. 8800,- (+ mva)
for ein normal hindkalv på 5 mnd, og kr. 14-17700,- (+
mva) for hind på 15 mnd. Prisen bør variere med endringer i vekt
og kvalitet. For voksne bukkar bør det være ein individuell
vurdering. For dåhjort er prisane omlag det halve av hjorteprisane. Det er
forutsatt at ein normal hjortekalv veg ca. 50 kg, og at prisen er noko
høgare på tyngre kalvar og noko lågare på lettare dyr. Ein
gjer merksam på at dette kun er rettleiande pris. Livdyrprisen i
ein handel vil vere underlagt same forhandlingar som elles ved
forretningar. Antall dyr og transportmuligheter vil være ein del
av den totale vurderinga.
Det er mogeleg å søke om innfanging av dyr. Innfanginga må
foregå i vinterhalvåret og bedøving må utførast av veterinær med
godkjent kurs i medikamentell immobilisering av dyr. Kostnadane
ved dette kan også bli svært høge og bør vurderast opp mot
kjøp av livdyr.
Parasittbehandling
Som andre dyr er også hjorten utsatt for parasittar. Når ein
har forholdsvis mange dyr på eit avgrensa areal, vil
parasittnivået fort stige over normalt nivå.
Rotering av beite er den mest effektive metoden for å halde
parasittnivået i sjakk. Dette krever imidlertid inndeling av
hegnet. Forebyggande parasittbehandling bør skje minst to gonger
årleg. Behandlinga bør fortrinnsvis skje i beitesesongen, då
har det klart best effekt.
Det er fleire måtar å bekjempe og behandle prasittar
hjå hjort. Det vanlegaste og billegaste er gjennom fôret med
Panacur Granulat vet. Prisen blir som for
behandling av andre drøvtyggarar av samme vekt. 100 gr Panacur
kostar 281 kr og held til 3000 kg levandevekt = ca 30 koller (forebyggande
behandling). Metoden er imidlertid usikker, då ein ikkje har
kontroll med mengden kvart enkelt dyr får i seg. Unge og svake
dyr er gjerne mest utsette for parasittar (eksempelvis lungeorm).
Desse dyra har ofte lav rang og har difor dårlegast tilgang til fôrbrettet
og medisinen. Noko kan kompenserast ved å auke doseringa, men
dette kan vere er dårlig økonomi.
Dyra kan også behandlast ved å påføre parasittmiddel på
huden i ei stripe langs ryggen (pour-on). Dette er også ein
enkel metode, då den ikkje krev fiksering i ejn besetning med
tamme dyr. Effekten varar ofte lenge i dyret, men dei tilgjengelege
produkta har liten effekt på fleire aktuelle innvollsparasittar
(eksempelvis leverikter).
Det mest effektive er som regel å gje parasittmidlar oralt
(mikstur) eller som injeksjon under huden (sub-cutant). Doseringa
kan då tilpassast kvart dyr, og ein har kontroll på tidspunkt
for eventuell gjenteke behandling. Slik kan utgiftane holdast nede
samtidig som behandlinga er effektiv. Dette krev at dyra kan håndterast
og fikserast.
Vanleg brukte preparat er:
- Ivomec. 50 ml kostar kr.404 og held til behandling av 1500 kg
dyr, ca 15 koller (1 ml pr. 30 kg levandevekt).
- Dectomax (doramektin). 50 ml kostar kr.398.1 ml pr. 50 kg
levandevekt. Dermed held 50 ml til 2500 kg dyr.
Ver merksam på at ulike preparat har varierande effekt på dei
ulike parasittane.
Merking
Merkeforskrift av 2002 kan du få ved å henvende deg til
oss.
Metall- og plastøyremerke er å anbefale. Utgiftene vil vere
som hos andre husdyr med tilsvarande merking. Vi brukar
Combi-plast øyremerker, type storfe. Pris er 3,95 kr pr stk + 80
øre for trykk pr side. Trykking på fire sider + metallmerke til
1,15 pr.stk. gir da ein kostnad på kr 8,30 pr dyr. Os Husdyrmerke
fabrikk A/S er ein av produsentane. Adresse: Pb. 70, 2550 Os i
Østerdalen, Tlf: 62497205 / Fax: 62497174.
Prisar på kjøt
Pris for heile og halve slakt ligg på omlag kr. 90-100 / kg + mva.
Stykningsdelar har høgare eller lågare pris, alt etter kva del
det er snakk om. Prisen vil variere rundt i landet , avhengig av
etterspørsel. Generelt er det å seie at etterspørselen er så
stor at det mange stader ikkje er noko problem å ta enda høgare
pris enn kr 100/ kg. Pr. i dag blir alt kjøtt omsatt privat eller
hotell/restaurant. Slakting skal foregå hos godkjent slakter
eller i godkjent gardsslakteri. Det blir jobba for å få eit
regelverk på slakting som er meir tilpassa småskala-verksemd.
(Ver merksam på at i NILF-rapporten har dei i
kalkylene for lønnsemd tatt utgangspunkt i ein pris på 60 kr/kg,
noko som er mykje lågare enn dagens pris.)
Fangst- og handteringsanlegg
Eit anlegg for å samle alle dyra og kunne behandle dei eitt og
eitt er ein stor fordel, ja kanskje heilt nødvendig. Det finns
eit mengd ulike handteringsanlegg som alle fungerer bra. Det
viktigaste er at dyra og menneska er vant til anlegget. Dette kan
gjerast ved å legge fôringsplassen i forbindelse med
handteringsanlegget. NILF-rapporten kalkulerer med inntil 15 000
kr for eitt anlegg, og 6 000 kr for vekt (s. 61).
Kva må til for å starte med hjorteoppdrett?
Til slutt vil vi prøve å informere litt om kva som må til
for å få konsesjon og så starte med oppdrett av hjort.
Konsesjonssøknad skal sendast til din kommune. Ein slik søknad
skal innhalde ein driftsplan med følgande element: Ein
framdriftsplan med oversikt over investeringsperiode og tidsplan
for ulike steg i prosessen, anslag over investerings-kostnader
(gjerder, handteringsanlegg, dyr, osv.), plan for korleis
fôrbehovet er tenkt dekka (sommarbeite, tillegsfôring),
økonomiske kalkyler over driftsopplegget og ein kalkyle over
lønnsemd. Før du går i gang med planlegginga kan det vere lurt
å få nokon til å vurdere prosjektet; eigna arealer, anbefalt
mengde dyr, spesielle tiltak osv. Norsk Hjortesenter tar slike
oppdrag eller du kan ta kontakt med andre erfarne oppdrettarar for
å få råd og tips.
Sist men ikkje minst krever oppstart med hjorteoppdrett at ein
er glad i og har erfaring med dyr, og i tillegg er det ein stor
fordel at ein har større eller mindre bakgrunnskunnskap og
erfaring med dyrehald. Den menneskelege faktoren er avgjerande for
om ein vil ha suksess med oppdrett av hjort.
Norsk Hjorteavlsforening
Norsk Hjorteavlsforening (NHF) organiserer alle som driv med
oppdrett av norsk kronhjort og dåhjort i Norge. Foreninga har per
i dag omlag 50 aktive medlemmer, dvs. har hjort-/dåhjortfarm i drift. I
tillegg kjem ca. 30 støttemedlemmer, som vurderer å starte opp
med hjort/dåhjort eller berre er interessert i saka.. Som medlem
av NHF har du sjansen til å vere med på årsmøte, studieturar
og kurs. Foreninga er og hjelpsam med å jobbe fram gunstige
prisar på diverse utstyr som til dømes gjerder. Foreninga gir ut informasjon til medlemmene
jamnleg.
Ønsker du å bli medlem i NHF, så ta kontakt med Fritz
Anker-Rasch på tlf. 69197201/97111939 eller e-post fa-r@frisurf.no,
og han sender deg ein innbetalingsgiro og siste nytt
fra NHF.
Vi tek atterhald om endring i prisar som er oppgitt. Desse har kanskje
auka noko.
Ta kontakt med oss på telefon eller e-post
om du har fleire spørsmål.
|