Informasjon om merkeprosjekta på hjort

Norsk Hjortesenter har det faglege ansvaret for merkearbeidet i to ulike merkeprosjekt, og har medverka til at nødvendige søknader og tilrettelegging har kome på plass. Sjølve det praktiske merkearbeidet vert gjennomført av lokale veterinærar med nødvendig kompetanse.

 

Merking av hjort på søre Sunnmøre.

Dei sju kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta har gått saman for å merke hjorten på søre Sunnmøre. Leiar for prosjektstyret og kontaktperson er Sigurd Nygård (tlf: 970 69 126).

80 dyr er planlagt øyremerka i løpet av ein treårs periode (2001-2003).

Vinteren 1999/2000 var ein prøvesesong for prosjektet, og 5 dyr vart øyremerka.

Frå og med merkesesongen 2000/2001 vert alle dyr merka med store, gule nummererte merke i høgre øyre. I tillegg er mindre, unummererte plastmerke festa i venstre øyre. Her varierer fargen etter merkelokalitet. Små nummererte aluminiumsmerke vert også sett i dyret sitt venstre øyre.

 

Område

Individnummer

Fargekode

Vanylven

2700 – 2749

Lakserosa

Ørsta-Volda

2750 – 2799

Grøn

Sande-Herøy

2800

Kvit

Ulstein-Hareid

2800

Lilla

 

Meir informasjon om prosjektet kan finnast på www.viltnett.com.