"Hjort frå skog til bord"

Ønskjer du å bli ein ”villmarkskokk” – å kunne tilberede hjortekjøtt og bruke naturens tilbehør?

Då er du velkomen til Svanøy der vi kan tilby ein unik kurspakke omkring å utnytte hjortekjøt som den fantastiske ressurs det er. Kurset går over to heile dagar. Du vil få ta aktivt del i heile prosessen, frå parteringa av hjorten til festmiddagen står ferdig på bordet.  Undervegs vil ein plukke ut og benytte naturens tilbehør som sopp og urter, samt få innføring i valg av riktig vin til vilt.

Sjølve kurset blir halde i dei moderne lokala til Norsk Hjortesenter. Overnatting og enkelte måltid vil foregå i gamle, ærverdige Svanøy Hovedgård, noko som vil sette ei spesiell ramme rundt kurset.

 

Føremål

Kurset skal gje deltakarane auka kunnskap om handtering av hjorten etter at den er felt og om hjort generelt. Deltakarane skal gjennom teoretisk og praktisk læring bli gode på partering og mørning, og dei skal få auka inspirasjon og kunnskap om tilberedinga av kjøtet.

I tillegg skal dei få gode idear og inspirasjon om bruk av naturens tilbehør og vin til vilt.

Målgruppe

Jegerar, matelskarar og/eller andre med interesse for vilt og viltmat.

Pris

Kr. 3950,-

Komplett kurspakke over 2 heile dagar inkluderer 1 overnatting på Svanøy Hovedgård, alle måltider(lunsj, middag, frukost, lunsj), samt kursmateriell. Det einaste du treng å ta med er regntøy og støvlar for ein tur i skogen.

Kursansvarleg: Johan Trygve Solheim
 

Min. 15 påmelde for at kurset blir sett opp.

 

Vil du bli kontakta neste gong vi arrangerer kurs, så send oss ein e-post; hjort @svanoy.com
Stiftelsen Norsk Hjortesenter, 6914 Svanøybukt. Tel. 57 75 21 80

E-post: hjort@svanoy.com