Informasjon om merkeprosjekta på hjort

Norsk Hjortesenter har det faglege ansvaret for merkearbeidet i to ulike merkeprosjekt, og har medverka til at nødvendige søknader og tilrettelegging har kome på plass. Sjølve det praktiske merkearbeidet vert gjennomført av lokale veterinærar med nødvendig kompetanse.

 

Merkeprosjekt Hjort i Nordfjord

Sju kommunar har gått saman om eit felles merkeprosjekt for hjort i Nordfjordregionen. Desse kommunane er Stryn, Eid, Gloppen, Hornindal, Bremanger, Vågsøy og Selje. Leiar for prosjektstyret og kontaktperson er miljøvernleiar i Stryn kommune, Odd Rønningen (odd.ronningen@stryn.kommune.no).

200 dyr er planlagt øyremerka i løpet av ein seksårs periode (2000-2006). Av desse ønskjer ein i tillegg å radiomerke ein del av individa.

Vinteren 1999/2000 var ein prøvesesong for prosjektet. 11 dyr vart då øyremerka i Eid kommune. Tre av desse fekk i tillegg påmontert radiosendarar.

Frå og med merkesesongen 2000/2001 vert alle dyr merka med store, gule nummererte merke i høgre øyre. I tillegg er mindre, unummererte plastmerke festa i venstre øyre. Her varierer fargen etter merkelokalitet. Små nummererte aluminiumsmerke vert også sett i dyret sitt venstre øyre.

 

Område

Individnummer

Fargekode

Vågsøy-Bremanger

  99

Gul

Eid-Gloppen

1

Lyseblå

Stryn-Hornindal

150

Oransje

 

Sjå på denne linken  for meir fullstendig og oppdatert informasjon om prosjektet.