Hjort til kvardag og fest

Nytt kurs ikkje fastsett. Mogleg å sette opp eige kurs for grupper/lag til avtala dato.

La deg inspirere og lære meir om tilbereding av hjortekjøt. Kurset er tilrettelagt for private hushaldningar. Dette er eit dagskurs.
Forslag til program:

0830 Avgang med taxibåt frå Florø

0930 Velkomst Norsk Hjortesenter

0945 Teori: Hjortekjøtet si historie, næringsinnhald, kvalitet, stykningsdelar,        oppbevaring osb.

1030 Vi går på kjøkenet og lagar hjortelunsj.

1200 Lunsj 

1300 Teori: Hjortekjøtet sine mange moglegheiter; steikt, grilla, kverna, speka, grava, røykt, på smørbrød osb.

1400 Vi går på kjøkenet og lagar hjortemiddag.

1600 Kaffipause

1630 Tilbehør frå naturen

1730 Middag

1930 Avreise med taxibåt til Florø

 

Føredragshaldarar frå Norsk Hjortesenter og Bistro To Kokker/Hjørnevikbua.

Pris: Kr 950,- inkluderer måltid og kursmateriell.

Vil du bli kontakta neste gong vi arrangerer kurs, så send oss ein e-post.
 

Stiftelsen Norsk Hjortesenter, 6914 Svanøybukt. Tel. 57 75 21 80

E-post: hjort@svanoy.com