Hjort 2005

- Bærekraftig bestandsforvaltning

6. og 7. september 2005, Bergen

Landets største hjorteseminar vert i september lokalisert til Bergen. Seminaret er mynta på aktørar og interesserte innan lokal og regional hjorteforvaltning - kommunar, grunneigarsida, jegrar og sjølvsagt andre interesserte. Vi har sett saman eit interessant og engasjerande program som søkjer å belyse dei mest aktuelle problemstillingane knytt til forvaltninga av hjorten vår. 

Som tidlegare år vil Hjort 2005 bli årets "hjortesmeltedigel" - ein arena for meinigsutveksling, knyte nye kontaktar, få nye impulsar og skaffe seg ny kunnskap. Den sosiale delen av arrangementet vil vere viktig for uformell dialog, men vi har også sett av tid til spørsmål, diskusjonar og informasjonsutveksling i programmet begge dagar.

  Sentrale tema vil bli:  

  • Hjortebeiting

  • Merkeforsøk

  • Hjorten og samfunnet

  •   Jakttider

  • Framtidsscenario

Seminaret er eit samarbeid mellom Norsk Hjortesenter, Fylkesmannen i Hordaland og Skogeigarlaget Vest.  Seminaret vert på Quality Hotel Edvard Grieg, Sandsli, Bergen tysdag 6. og onsdag 7. september.

Påmeldingsfrist: 10. august.  

Begrensa deltakarantal - ver tidleg ute!

  Vi ønskjer alle vel møtt og ser fram til to gjevande dagar!

Påmeldingskjema og prisar finn du her

Program(med atterhald om endringar)   

 

 

Program frå tidlegare seminar:

Hjort '99 vart arrangert i Florø i Sogn & Fjordane

Hjort 2000 i Rosendal i Hordaland

Hjort 2001 i Molde i Møre & Romsdal

Hjortevilt 2002 i Trondheim

Hjort 2003 vart arrangert både på Norfjordeid og Stord

Hjort 2004 vart arrangert i Ålesund