Hjort ´99 

- Seminar om næring, jakt og forvaltning

1. og 2. juni 1999, Florø

Sogn og Fjordane fylke og Florø by skal i to dagar vere vertskap for dette første, større fagseminaret der ein set den norske hjorten i fokus. I samarbeid med Norsk Hjortesenter har Driftsplanprosjektet til Sogn & Fjordane Skogeigarlag og Sogn & Fjordane Bondelag tatt initiativet til ei stormønstring av hjorte-Norge, for å rette søkelyset mot forvaltninga og utnyttinga av dette viltet.

  Ein stor auke i hjortebestanden har avdekka mange konfliktområde, og vi som arrangørar håpar at seminaret vil bidra til å gjere forvaltninga meir presis i forhold til lokale og regionale skilnader. Med aktørar frå både lokale og sentrale hald innan landbruksnæring, viltforvaltning og interesseorganisasjonar, håper vi at samlinga skal bli fruktbar for alle partar og bidra til eit meir samstemt vegval framover. Vi ønsker at "Hjort `99" skal bli den sjansen mange søker til å uttrykkje si meining, få svar på sentrale spørsmål og bidra til ei betre framtidig forvaltning av hjorten både med omsyn til nasjonale målsetjingar og lokal gjennomføring. Målgruppa for seminaret er av den grunn også vid og spenner frå grunneigarar og representantar for grunneigar- og interesseorganisasjonar til representantar for både lokale og meir sentrale viltstyresmakter.

  Vi har arbeidd for sikre foredragshaldarar som har spesiell kompetanse innan dei felta vi ønsker å sette søkjelys på. Difor har vi innleiarar frå sentrale posisjonar både innan grunneigar- og brukarorganisasjonar, viltforvaltning og viltforsking. Dette vert derfor ei sjeldan moglegheit både til å oppdatere eigen kunnskap innan ei rekke område, men også til å øve innverknad på den vidare forvaltninga av hjorten.

  Avskytingsmodellar, jakttidsrammer, avgiftssystemet, jakt og sosiale verdiar, jakt og betalingsvilje samt lokal hjorteforvaltning inn i neste årtusen er nokre av dei tema som står på dagsorden. Vi har prøvd å tilpasse programmet slik at første dag er mest retta mot grunneigar- og brukarsida, medan dag to i større grad omhandlar forvaltningsspørsmål.

  Som ei "mental oppmjuking" mellom dei to dagane har vi fått forfattaren, naturfotografen og naturforvaltaren frå Karmøy, Ole Jakob Vorraa, til å halde eit lysbiletekåseri der hjorten sjølvsagt står i sentrum.

Vi ønsker alle vel møtt.

       Norsk Hjortesenter                                   Sogn og Fjordane Skogeigarlag

                                                                                                                        

 

 

Program dag 1

09.30 - 10.00:     Innsjekking.

Ordstyrar: Johan Trygve Solheim, dagleg leiar ved Norsk Hjortesenter.

10.00 - 10.15:     Velkomen. (Kolbjørn Dyrli, ordførar i Flora kommune)

10.15 - 10.55:     Jakta på jaktkulturen. (Olaf Aagedal, DiaForsk)

10.55 - 11.35:     Jakt - pris og betalingsvilje. (Jan Erik Blom, profesjonell jeger)

11.35 - 11.50:     Spørsmål og kommentarar.

11.50 - 12.10:     Pustepause.

12.10 - 12.50:     Sett-hjort skjema. Registreringar og nytteverdi. (Vidar Holthe, Norges Skogeigarforbund)

12.50 - 13.50:     Lunsj.

Ordstyrar: Vebjørn Veiberg, prosjektleiar ved Norsk Hjortesenter.

13.50 - 14.20:     Grunneigars rett til jakt og forteneste? (Kirsten Indgjerd Værdal, Norges Bondelag)

14.20 - 14.50:     Allmennhetens adgang til hjortejakt. (Scott Brainerd, Norges Jeger- og Fiskerforbund)

14.50 - 15.05:     Spørsmål og kommentarar.

15.05 - 15.30:     Pustepause med noko attåt.

15.30 - 16.00:     Kritisk blikk på avgiftssystemet. Tilbakeføring av viltmidlar til den lokale forvaltninga. (Brigt Samdal, prosjektleiar Driftsplanprosjektet i Sogn og Fjordane)

16.00 - 16.40:     Oppfølging av handlingsplan for hjortviltforvaltning. Framtida for 75 %-regelen - fridom under ansvar. (Johan Danielsen, Direktoratet for naturforvaltning)

          16.40 - 17.00:              Oppsummering og avslutning.

 

Lysbiletekåseri med Ole Jakob Vorraa i Florø Samfunnshus. Start klokka 18.30.

Fellesmiddag på Victoria Hotell klokka 20.00.

 

Program dag 2

Ordstyrar: Anders Espeset, Norsk Hjortesenter.

09.00 - 09.15:     Velkomen til dag 2.

09.15 - 09.55:     Helseovervakingsprogram for hjortevilt (HOP) og sjukdomar på hjort. (Trygve Frammarsvik, kommuneveterinær i Flora)

09.55 - 10.35:     Utfordringar innan den kommunale hjorteviltforvaltninga - Tildeling, organisering, beiteskader. (Magnus Frøyen, Flora kommune)

10.35 - 10.50:     Spørsmål og kommentarar.

10.50 - 11.05:     Pustepause.

11.05 - 11.45:     Kan erfaringar og resultat frå grunneigarsamarbeidet i elgforvaltninga på  Austlandet  nyttast i hjorteforvaltninga? (Frank Robert Lund, Borregaard Skoger A.S.)

11.45 - 12.25:     Hjorteforvaltninga inn i neste årtusen. (Stein Lier-Hansen, DN)

12.25 - 12.40:     Spørsmål og kommentarar.

12.40 - 13.40:     Lunsj.

Ordstyrar: Brigt Samdal, prosjektleiar Driftsplanprosjektet i Sogn og Fjordane.

13.40 - 14.20:     Jakta sin konsekvens for aldersstruktur, kjønnssamansetting og bestandsdynamikk i ein hjortebestand. (Rolf Langvatn, NINA)

14.20 - 15.00:     Avskytingsstrategi. Mål og midlar. (Vebjørn Veiberg, Norsk Hjortesenter)

15.00 - 15.15:     Spørsmål og kommentarar.

15.15 - 15.40:     Pustepause med noko attåt.

15.40 - 16.20:     Hjorteoppdrett - problem eller ressurs? (Johan Trygve Solheim, dagleg      leiar ved Norsk Hjortesenter)

16.20 - 17.00:     Oppsummering og avslutning.