Hjort 2000

- Seminar om næring, jakt og forvaltning

11. og 12. april 2000, Rosendal


Vi følgjer opp det vellykka hjorteseminaret frå 1999. Nye og gamle aktuelle og brennheite emne skal også i år setjast i fokus. Under hovudtemaet ”Hjorteforvaltning inn i eit nytt årtusen – problem, fridom, ansvar”, er det duka for to dagar med hjorten i sentrum. Utnyttinga av vår ville hjortebestand, og framtidige utfordringar i forvaltninga av denne verdifulle ressursen står sjølvsagt sentralt på saklista.

Føredragshaldarar frå ulike ståstadar vil bidra til å gjere seminaret både fagleg og praktisk lærerikt. I tillegg ønsker vi å høyre di meining og lære av dine erfaringar. Derfor har vi sett av tid også til dette begge dagar. Dag to vert i tillegg avslutta med paneldebatt der dine spørsmål og meiningar vert avgjerande. Vi satsar på friske debattar, frie ytringar og gode svar.

Til innslag mellom dei to dagane ønsker vi i år å presentere korleis ulike aktørar har gjort hjorten til næring. Ei informasjonsutstilling gir høve til å lytte, spørje og lære av dei som allereie har turt å satse på denne utmarksressursen.

Seminaret er eit samarbeid mellom Norsk Hjortesenter, Hordaland Bondelag og Skogeigarlaget Vest. Vertsstad i år vert Rosendal i Kvinnherad kommune. For tredje året på rad står Kvinnherad fram som den kommunen med flest hjortefall her til lands. Dette burde danne den rette ramma rundt årets seminar.

Vi ønsker alle vel møtt og ser fram til to gjevande dagar.

 

PS: Ved stor pågang kan talet på deltakarar måtte avgrensast.

 


Program dag 1

10.00-10.50:

Registrering

 

Ordstyrar: Johan Trygve Solheim (Leiar for Norsk Hjortesenter)

11.00-11.15:

Velkomen til Hjort 2000. (Johan Trygve Solheim)

11.15-11.30:

Kvinnherad som hjortekommune. (Leiv Trygve Varanes, sekretær for viltnemnda i Kvinnherad kommune)

11.30-11.45:

Hordaland som hjortefylke. (Tore Løne, viltforvaltar ved FMVA i Hordaland)

11.45-12.15:

Hjorten som skadedyr på innmark og skog. (Vebjørn Veiberg, prosjektleiar ved Norsk Hjortesenter)

12.15-12.45:

Erfaringar frå organisering, marknadsføring og sal av elgjakt. (Johannes Finnstad, Tangeråsen utmarkslag)

12.45-13.00:

Spørsmål

 

13.00-14.00:

Lunsj

 

Ordstyrar: Tore Henrik Øye (Leiar av ”Driftsplanprosjektet” i Hordaland)

14.00-14.30:

Driftsplaner for hjortevilt – utfordringer og muligheter. (Tor Punsvik, viltforvaltar ved FMVA i Vest-Agder)

14.30-15.00:

Lokal driftsplanbasert forvaltning - ein gyllen sjanse! (Brigt Samdal, leiar av ”Driftsplanprosjektet” i Sogn og Fjordane)

15.00-15.20:

Kaffipause med noko å bite i.

 

15.20-15.50:

Kunnskap og samarbeid som grunnlag for hjorteviltforvaltning. Døme frå Haugalandet. (Karl Ludvig Ådland, sekretær for det interkommunale hjorteviltutvalet)

15.50-16.20:

Bestandsovervaking og merking – nøkkelen til betre bestandsforvaltning. (Rolf Langvatn, seniorforskar ved Norsk institutt for naturforsking)

16.20-16.50:

Framtidas hjorteviltforvaltning - ta ansvar, få fridom. (Stein Lier-Hansen, direktør i Direktoratet for naturforvaltning)

16.50-17.30:

Diskusjon

 

Temautstilling: ”Hjort som næringsveg”

Fellesmiddag på Rosendal Fjordhotel klokka 20.00.

 

Program dag 2

Ordstyrar: Anders Espeset (Fagassistent ved Norsk Hjortesenter)

9.00-9.15:

Velkomen til dag 2

 

9.15-9.45:

Ettersøkshund - Ei ordninga til nytte eller bry? Rapport frå «felten». (Kjell Talle, NJFF-Hordaland)

9.45-10.15:

Viltforvaltninga sitt syn på ordninga med ettersøkshund. Revidering av forskriftene og føringar vidare. (Egil Hauge, seksjonsleiar ved FMVA i Hordaland)

10.15-10.35:

Kaffipause

 

10.35-11.05:

Kommunane får større ansvar for hjorteviltforvaltninga. Korleis er viljen og evna til omstilling? (Anbjørg Nornes, sekretær for Voss utmarksnemnd)

11.05-11.35:

Framtidas bestandsforvaltning - kva kunnskap manglar og kvifor trengst den? (Rolf Langvatn, NINA)

11.35-12.00:

Diskusjon og spørsmål

 

12.00-13.00:

Lunsj

 

Ordstyrar: Egil Hauge

13.00-13.30:

Synspunkt på fremtidige muligheter og mål innen hjorteviltforvaltninga. (Vidar Holthe, utmarksansvarleg i Norges Skogeierforbund)

13.30-14.00:

Ein ny kvardag for hjorteviltforvaltninga. (Stein Lier-Hansen, DN)

14.00-14.30:

Kaffipause med noko å bite i.

 

14.30-16.00:

Debatt, diskusjon og oppsummering. (Ordstyrar: Johan Trygve Solheim)

 


Seminaravgift inkludert kursmateriell:

Begge dagar: Kr. 1500,-.  Berre ein dag: Kr. 800,-.

Overnatting:

Rosendal Fjordhotel er vår samarbeidspartner under arrangementet. Dobbeltrom kostar kr. 900,- pr. pers., enkeltrom kr. 1050,- pr. pers. Prisen inkluderer full pensjon under seminaret.

Ei ekstra overnatting med frukost kostar kr. 500,- pr. pers. på dobbeltrom og kr. 750,- pr. pers. på enkeltrom.

For ikkje-overnattande:

Dagpakke: Kr. 250,-. Inkluderer lunsj og kaffipausar.

Middag på kvelden 11. april: Kr. 250,-.

For registrering til seminaret kontakt Hordaland Bondelag, postboks 4494, 5838 Bergen.. Tlf: 55 54 67 90, fax: 55 54 67 97, e-post: toreho@bondelaget.no, eller benytt dette registreringsskjemaet.

Påmeldingsfrist: 20. mars 2000.