GENERELL INFORMASJON - HJORTESKADEPROSJEKTET

Hjorteskadeprosjektet blei starta i 1998 etter initiativ frå Sogn og Fjordane Skogselskap. Bakgrunnen var det aukande problemet med hjorteskader både på skog og innmark.

Den overordna målsetjinga for prosjektet har vore å gi svar på konkrete, forvaltningsrelaterte spørsmål knytt til konflikten mellom hjort og landbruks-/skogbruksinteresser. Gjennom prosjektarbeidet ønska ein også å medverke til å auke fokuset på hjorteskader som eit reelt problem, og vurdere verknaden av praktiske og forvaltningsretta førebyggande tiltak. Auka kunnskap om omfanget og effekten av skadane reduserer grunnlaget for konfliktar mellom ulike interessegrupper, og gir eit betre fundament for ei langsiktig og berekraftig ressursforvaltning både lokalt og regionalt. Å spreie ny og allereie eksisterande kunnskap til sentrale aktørar innan forvaltning og næring, har også vore ei viktig oppgåve. Ei erkjenning av at beiteskader stadvis både er eit økonomisk og eit driftsmessig problem innan skog- og landbruket, er viktig som grunnlag for ei meir rettferdig fordeling av nytte og kostnader.

Hovudfinansieringskjelde gjennom dei tre prosjektåra har vore Statens Landbruksbank (no SND). I tillegg har ei rekke lokale organisasjonar og instansar ytt midlar til arbeidet.