Kurs i forvaltning av hjort

Viltforvaltninga i Noreg har i dei siste åra gjennomgått store omleggingar. Frå å vere sentralstyrt ynskjer ein no ei mest mogleg lokal forvaltning av viltet. Tanken er at lokalt engasjement og kunnskap skal kunne medverke til at forvaltninga blir betre. Ein av målsetjingane er at viltforvaltninga skal vere basert på driftsplanar i 2006.  

Målsetjing: Gjennom kurset ynskjer ein å formidle gamal og ny kunnskap om hjort og hjorteforvaltning. Jegeren sitt ansvar som forvaltar er heilt avgjerande for bestandsutvikling og –struktur.  Kunnskap om viltet, forvaltninga og haldningar er viktig for langsiktig og heilskapleg forvaltning av hjort over større område. Ved å samle grunneigarar og jegerar ynskjer ein i tillegg å skape engasjement og inspirasjon til å drive ei god lokal hjorteviltforvaltning. 

Målgruppe: Grunneigarar, jegerar og andre interesserte.

Sentrale emne: Hjortens trekkruter og beiteområde, kjønns- og alderssamansetting, populasjonsstorleik, aktørar i forvaltninga, omlegging av viltforvaltninga, lokal viltforvaltning, lovverk og rammevilkår, viltstell, jegeretikk og –moral.

Førelesarar: Fagfolk frå Norsk Hjortesenter

Økonomi: Eit kurs over to dagar kostar kr 20.000 (inkl. mva). I tillegg kjem reise og overnatting for foredragshaldarane samt kursmateriale på kr 295 (inkl. mva) per deltakar.

Spesielle ønskje: Forslag til tidsplan følger. Vi kan og tilpasse eit kurs for din kommune dersom det er ønskeleg.

Tid og stad: tilpassast etter dykkar ønske.

Forslag til program:

  Dag 1:

09:30 – 10:00      Registrering og kaffi

10:00 – 10:45      Mennesket og viltet          

-          historikk; hausting og utnytting

-          bestandsutvikling

-      jeger, jakt, ansvar, moral og etikk

10:45 – 12:00      Frå sentralstyrt viltforvaltning til lokal driftsplanbasert hjorteforvaltning

-          aktørar / forvaltningspyramide

-          omlegginga av viltforvaltninga

-          rammer og lovverk i viltforvaltninga

o        jakttid

o        avgiftssystem

12:00 – 13:00      Lunsj

13:00 – 13:30      Beite og vandring

13:30 – 14:15      Hjortebestanden 1

-          naturlig kjønns- og alderssamansetting

-          korleis estimere endring i populasjonsstorleik

o        informasjon frå innsamla overvakingsmaterial

14.15 – 14:45      Kaffipause med noko attåt

14:45 – 15:25      Hjortebestanden 2

-          informasjon frå innsamla materiale

o        vårteljing på innmark

o        sett-hjort

15:25 – 16:15      Hjorten som skadegjerar

-          vegetasjon - / beiteregistreringar

-          beiteskadar

-          trafikkulykke

16:15 – 17:00      Oppsummering og diskusjon

 

Dag 2:

10:00 – 10:45      Jegeren som hjorteviltforvaltar

-          jegerseleksjon

10:45 – 11:00      Kaffi

11:00 - 12:00       Lokal forvaltning

-          organisering

-          lokalt og regionalt samarbeid

-          driftsplanlegging

-          utøving

12:00 – 13:00      Lunsj

13:00 – 14:00      Viltstell – hygge eller nytte?

-          fôring

-          saltsteinar

-          beitevekstar

-          viltkorridorar

-          trafikksikring

14:00 – 14:30      Kaffi med noko attåt

14:30 – 15:00      Jeger og jakt

-          jeger, jakt, ansvar, moral og etikk

-          samfunnets syn, i Noreg og i utlandet

-          oppsyn og straffereaksjonar

15:00 – 16:00      Oppsummering og diskusjon

Vil du bli kontakta neste gong vi arrangerer kurs, så send oss ein e-post.
 

Stiftelsen Norsk Hjortesenter, 6914 Svanøybukt. Tel. 57 75 21 80

E-post: hjort@svanoy.com