Artikkel i Norsk Skogbruk 12/2000.

Kan bruk av saltstein førebygge skogskader av hjort?

Full tittel: Veiberg, V. 2000. Kan bruk av saltstein førebygge skogskader av hjort? Norsk Skogbruk 12: 20-22.

I ei spørjeundersøking frå Sogn og Fjordane melder 12 av 26 kommunar, at hjorteskader på drivverdig skog stadvis er eit omfattande problem (Veiberg 1999). Det same er tilfelle også mange andre stader på Vestlandet. Borkgnag av gran i hogstklasse 3 og 4 representerer økonomisk sett det alvorlegaste skadeproblemet, og kan påføre enkelte skogeigarar omfattande økonomiske tap. I mangel av eksisterande kompensasjonsordningar og handlekraftige bestandsretta tiltak, har mange sett seg om etter alternative råd for å avhjelpe ein vanskeleg situasjon. Trass svært mangelfull dokumentering hevdar saltsteinprodusentar i reklameringa av sine produkt, at ekstra salt- og mineraltilskot bidreg til å redusere problemet med skogskader. Er dette tilfelle? Finst det belegg for slike påstandar, og kva kan ein forvente ut frå biologisk kunnskap om viltet?

 

Skogen er meir enn berre tre

For ein drøvtyggar er tette granfelt mest for ein ernæringsmessig ørken å rekne både sommar og vinter. Det er derfor andre forhold som gjer dette til attraktive tilhaldsstader i delar av året. Hjorten sine ”herjingar” i granbestand har generelt vore verst i snørike vintrar og i periodar med vedvarande kulde. Redusert snødekke og varmeutstråling samt tilgang på skjul og ly er forhold som tette plantefelt kan tilby. For kortare periodar kan dette vere viktigare enn ein redusert næringstilgang (Gossow 1986, Reimoser & Gossow 1996). Energireservane avgjer kor lenge dyra kan leve med ein slik situasjon og vil variere gjennom sesongen og mellom individ. Sjølv om apetitten og talet på daglege beiteperiodar er sterkt redusert gjennom vinterhalvåret, er ei oppretthalding av vomaktiviteten og fordøyingsfunksjonane avhengig av nokolunde jamn fødeforsyning. Denne trongen eller beiterefleksen kan vere noko av forklaringa på kvifor hjorten i slike periodar gneg granbork. Noko eintydig forklaring på denne åtferda har derimot ingen kunna dokumentere.

 

Naturleg innslag i dietten

At hjort eller andre hjortedyr et bork er ikkje noko uvanleg fenomen. I store delar av året inngår dette som eit vanleg innslag i dietten, og bork av selje, rogn, osp, diverse frukttre samt tynn furubork står spesielt høgt i kurs. Beiting på desse treslaga ber såleis ofte preg av å vere reine næringsgnag, medan gnag på lite prefererte treslag som bjørk, hegg og gråor meir liknar smaksprøver. I ei slik preferanseliste kjem bork av ulike granslag ut i eit mellomsjikt. Dette gjenspeglar seg også i det vanlege omfanget på sårskadane. Effekten av skadane kan likevel raskt bli omfattande (Gill 1992, Veiberg & Solheim 2000, Veiberg & Pettersen 2000).

 

Ulike forklaringar

Hjorteviltet sine skader på drivverdig skog har gjennom lang tid vore eit alvorleg problem for skogbruket i mange land (Ahlén 1965, Nannestad 1970, van de Veen 1973). Ei rekke undersøkingar er derfor gjennomført og mange alternative hypotesar er framsett for å forklare kvifor viltet gneg bork (McIntyre 1972). Eg vil her kort presentere dei mest sentrale av desse. Det må understrekast at skadane som er undersøkte kan skrive seg både frå ulike treslag og sesongtidspunkt.

1.      Bork inneheld høge konsentrasjonar av viktige sporstoff, vitaminar, alkaloider og garvestoff.

2.      Bork inneheld mykje lignin. Den kan såleis medverke til å regulere vomfunksjonen, spesielt i periodar med skifte i diett, eller stor inntak av lett fordøyeleg mat (Bubenik 1959).

3.      Innhaldet av vatn i bork er mellom 40-60 %. I periodar med ”tørke” (for eksempel lengre tid med streng kulde, eller mykje snø), kan bork vere ei viktig vasskjelde for mellom anna å oppretthalde vomaktiviteten.

4.      Til ulike tider på året, eller ved liten tilgang på alternativ føde, kan bork ha høgare næringsverdi og mineralinnhald enn andre tilgjengelege næringsemne (Becker 1955, Faber 1996).

5.      Borkskrelling er ein stressrespons som følgje av menneskeleg forstyrring (Bubenik & Casnocha 1963).

6.      Gnagskader skuldast i hovudsak eit fåtal spesialistar, som over tid vil lære denne åtferda til andre.

 

Den eigentlege forklaringa er truleg ein kombinasjon av fleire forhold, og variere sannsynlegvis gjennom året. Likevel er det brei semje mellom dei fleste forfattarar, om at matmangel framstår som den viktigaste årsaka til borkgnag (McIntyre 1972).

 

Salt og sporstoff viktig for vekst og helse

At ein tilfredsstillande saltbalanse og tilgang på nødvendige sporstoff er viktig for vekst, reproduksjon og helse er eit uomtvisteleg faktum. Den naturlege førekomsten av desse stoffa er mellom anna påverka av berggrunn, jordsmonn og forureining, og vil såleis ha store geografiske variasjonar. Saltsteinar som er laga spesielt til hjortevilt, er samansett med tanke på å forbetre tilgangen på eventuelt manglande sporstoff (magnesium, kopar, mangan, sink, jern, kobolt, jod og selen). Hovudinnhaldet (>99 %) er likevel vanleg salt (NaCl). For lave nivå av eit eller fleire av dei nemnte sporstoffa kan få alvorlege følgjer for det enkelte individ. Saltsteinar kan derfor bidra til å sikre viltet nødvendig forsyning av salt og sporstoff i område der dette er mangelvare. Men, saltbehovet er ikkje konstant gjennom året, og følgjeleg vil også saltkjelder si tiltrekkingskraft variere.

Sesongmessige vekst- og reproduksjonssyklusar gjer at dyra sitt saltbehov varierer gjennom året og livet. Periodar med skjelett- og muskelvekst, mjølkeproduksjon og utvikling av foster og gevir er dei periodane som krev størst tilgang både på næring, salt og mineralar (Loudon & Brinklow 1992, White 1992). For hjortevilt på våre breddegrader svarar dette til tidsrommet frå april-mai til august-september. Strategival innan og utover denne perioden varierer avhengig av alder, kjønn og reproduksjonsstatus. Gjennom vinterhalvåret sørgjer både fysiologiske og hormonelle tilpassingar for å minimalisere energibehovet (Loudon & Brinklow 1992, Holand & Staaland 1992). I tillegg til effektiv resirkulering av vatn og saltar, er redusert aktivitet og metabolisme forhold som bidreg til å auke sjansane for overleving gjennom ei årstid med knapp ressurstilgang. Saltbehovet i denne perioden er såleis lite.

 

Saltstein som mogleg skadeførebygging

Ein samanheng mellom utsetting av saltsteinar og redusert omfang av skogskader forutset at: 1) Saltkjelder har sterk tiltrekkingskraft uavhengig av årstid, og/eller at 2) Saltsteinar bidreg til å dekke naturlege behov, som hjorten elles søker dekt gjennom å ete bork.

Om eit eventuelt behov er knytt til aktivitet som å slikke, tygge og bite, eller det er knytt til eit salt-/mineralbehov kan spele ei viktig rolle for bruken av saltsteinar. Ved alternativ ein må saltsteinar plasserast i god avstand frå potensielle konfliktområde. Bruk av steinar vil her medføre ei oppkonsentrering av dyr i nærområdet. Dette fører til eit større lokalt press på tilgjengelege beiteressursar og eit auka skadetrykk. Ved alternativ to må ein derimot nytte motsett strategi og plassere saltkjeldene der dyra oppheld seg av andre årsaker.

 

Feltforsøk

I løpet av vinteren 1998-99 vart det gjennomført eit praktisk forsøk på ein eigedom i Flora kommune, Sogn og Fjordane. Området var kjent som ein mykje nytta vintertilhaldstad for hjort. Formålet var å sjå om utsetting av saltsteinar hadde nokon målbar effekt på hjorten sin bruk av eit overvintringsområde. Eit forsøksfelt og fire kontrollfelt, alle på 25 daa, vart definert innanfor eit avgrensa område. Det eine kontrollfeltet vart plassert i open furuskog med innslag av bjørk. Alle dei andre felta var lokalisert i område med homogene granbestand i hogstklasse 3 med tilgrensande lauvtrebestand, hovudsakleg bjørk. I løpet av november 1998 vart det sett ut 6 slikkesteinar av typen ”KNZ Vilt” innan forsøksfeltet.

Vinteren 1998-99 var relativt mild og snøfattig. Ved tilfredsstillande sporingsforhold undersøkte grunneigar bruken av saltsteinane, men ingen teikn tyda på at dyra i området nytta eller oppsøkte steinane i løpet av vinteren. Endelege vurderingar om hjorten sin terrengbruk gjennom vinteren, vart derimot basert på registreringar av skitdungar (pellet-count). Desse registreringane vart gjennomført i april 1999. Metodikken omfatta teljing av skitdungar innan registreringsflater på 50 m2. Flatene vart lagt ut med 25 meters mellomrom langs parallelle transektar i bestanda. Totalt utgjorde det samla arealet av registreringsflatene om lag 10 % av kvart felt. Slike registreringar gir informasjon om hjorten sin relative bruk av områda i ein tidsavgrensa periode (Mitchell & McCowan 1980, Welch et al. 1990, Latham et al. 1996).

Registreringane viste at hjorten totalt sett brukte relativt meir tid i forsøksfeltet enn i dei fire kontrollfelta (t=3.783, n=248, df=246, p<0.001). Variasjonen i materialet var derimot stor (sjå Tabell 1).

 

Tabell 1. Resultat etter registrering av skitdungar langs transektar i forsøksfelta.

 

Område

Registrerings-flater

Sum skitdungar

Gjennomsnittleg tal dungar pr. flate

 

SD

Forsøksfelt

50

162

3,24

3,57

Kontrollfelt 1

50

36

0,72

1,03

Kontrollfelt 2

50

82

1,64

1,52

Kontrollfelt 3

50

99

1,98

2,57

Kontrollfelt 4

48

126

2,63

2,75

 

Kommentarar

Registreringar av skadeomfang vart ikkje omfatta av dette arbeidet. Vurderingar om kor vidt saltsteinar har nokon skadereduserande effekt, er derfor basert på refleksjonar omkring dokumenterte fysiologiske forhold hos hjortevilt og tilpassingar til overleving gjennom ei ressursknapp årstid.

For å sikre at alle dyra i området var vel kjent med plasseringa av saltsteinane, burde forsøket ideelt sett gått over fleire år. Plasseringa av steinane nær mykje nytta hjortetrakk, skulle på si side tilseie at lokaliseringa av desse var kjent.

Om formålet med dette forsøket i hovudsak var å undersøke om bruk av saltsteinar har nokon skadereduserande effekt, måtte undersøkinga ha fortsett på uviss tid. Omfanget av skogskader i form av borkgnag blir sett i nær samanheng med vêr- og snøforhold. Variasjonen i skadeførekomst mellom ulike år vil derfor variere mykje. Kva tid vi vil oppleve ein ny ”skadevinter” er derfor umogleg å spå.

Av alternative skadereduserande tiltak som har bevist å fungere, er følgjande dei mest aktuelle:

1.      Vinterfôring av vilt har lange tradisjonar og er mange stader ein svært viktig og heilt naturleg del av viltstellet. På grunn av fôringsplassane si sterke tiltrekkingskraft, er det avgjerande med god planlegging. Gossow (1986) påpeikar faren for å fange dyr i ”økologiske feller” dersom oppfølginga ikkje er tilstrekkeleg i vanskelege tider. Konsentrering av mange dyr på små område fører også til lokalt auka skadepress. Lokaliseringa av ein fôringsstad må ta omsyn til desse forholda.

2.      Inngjerding av skadeutsett produksjon er eit dyrt men effektivt tiltak. Effekten er på si side heilt lokal, og fører i vesentleg grad berre til at problemet vert flytta. Med mindre den verna produksjonen er svært verdifull og/eller arbeidet med oppsettinga av gjerdet er lite kostnadskrevjande, er dette ikkje ei tilrådeleg løysing.

3.      Ideelt sett burde skadeproblemet kunne kontrollerast gjennom bestandsretta tiltak. Situasjonen pr. i dag viser på si side at dette ikkje er lett. I enkelte tilfelle kan rask og målretta handling avhjelpe akutte problem. Det ligg derimot ei stor utfordring i å balansere situasjonen gjennom aktiv og langsiktig bestandsforvaltning.

For dei mest utsette vil ei eller anna form for skadekompensasjon redusere påførte kostnader. I den framtidige hjorteviltforvaltninga må dette vere eit heilt sentralt tema.

 

Konklusjon

I samband med viltstell kan bruk av saltstein ha mange positive effektar. Nok tilgang på viktige sporstoff og mineral er viktig både for fysisk utvikling, reproduksjon og helsestatus. Behovet for desse stoffa er knytt til fysiologiske prosessar med sesongmessige svingingar. Kor attraktive saltsteinane er vil derfor variere gjennom året. I periodar då saltsteinar har stor tiltrekkingskraft, kan desse nyttast til å påverke viltet sitt bruk av leveområdet. Under norske forhold kan eg derimot ikkje sjå at saltsteinar korkje utgjer nokon attraktiv ressurs, eller har særleg tiltrekkingskraft på hjortevilt gjennom vinteren. Følgjeleg har dei heller ingen effekt i form av skadereduksjon i denne perioden.

 

Litteratur

AHLéN, I. 1965. studies on the red deer, Cervus elaphus L., in Scandinavia. III. Ecological investigations. Viltrevy 3 (3).

Becker, M. 1955. Über Zusammensetzung und Verdaulichkeit frischer Baumrinden nach Versuchen beim Wiederkäuer. Landw. Forsch. 8: 111-117.

Bubenik, A.B. 1959. Rotwildhege auf biologischer Grundlage. Z. Jagdwiss. 5 (4): 121-132.

Bubenik, A.B. & Casnocha, P. 1963. Die Nützung der Umwelt durch das Rotwild. Trans. VIth Congr. Int. Union Game Biol., s. 175-189.

Faber, W.E. 1996. Bark stripping by moose on young Pinus sylvestris in South-central Sweden. Scand. J. For. Res. 11: 300-306.

Gill, R.M.A. 1992. A review of damage by mammals in north temperate forests: 3. Impact on trees and forests. Forestry 65 (4): 363-388.

GOSSOW, h. 1986. ungulate game overabundance in Middle Europe and management integration with forestry demands. IUFRO – Proc. World Congr. 1986. Ljubljana: 625-636.

Holand, Ø. & Staaland, H. 1992. Nutritional strategies and winter survival of european roe deer in Norway. I The Biology of Deer. Brown, R.D. (ed.) Springer-Verlag New York, Inc. s. 423-428.

LATHAM, J., STAINES, B.W. & GORMAN, M.L. 1996. The relative densities of red and roe deer and their relationship in Scottish plantation forests. J. Zool., London 240: 285-299.

Loudon, A.S.J. & Brinklow, B.R. 1992. Reproduction in deer: Adaptations for life in seasonal environments. I The Biology of Deer. Brown, R.D. (ed.) Springer-Verlag New York, Inc. s. 261-278.

McIntyre, E.B. 1972. Barkstripping – a natural phenomenon. Scott. For. 26: 43-50.

Mitchell, b. & McCowan, D. 1980. The defecation frequencies of red deer in different habitats. A. Rep. Inst. terr. Ecol. 1983: 15-17.

NANNESTAD, L. 1970. Kronvildtskrælningens betydning for rødgrandyrkningens økonomi. Hedeselskabets Tidsskrift, Aarhus. 5-22.

Reimoser, F. & Gossow, H. 1996. Impact of ungulates on forest vegetation and its dependence on the silvicultural system. For. Ecol. Manag. 88: 107-119.

van de VEEN, H.E. 1973. Bark stripping of coniferous trees by red deer. Deer 3: 15-21.

Veiberg, V. 1999. Registrering av hjorteskade i Sogn og Fjordane. Rapport nr. 2 Hjorteskadeprosjektet, 1-39. ISBN 82-8040-002-8.

Veiberg, V. & Solheim, H. 2000. Barkgnag på gran etter hjort – innslag og utbredelse av råtesopp. NISK-Rapport ?/2000 Til trykking.

Veiberg, V. & Pettersen. J. 2000. Metodikk for registrering og taksering av hjorteskader på gran i hogstklasse 3 og 4. Rapport nr. 3. Hjorteskadeprosjektet. 1-??. ISBN 82-8040-003-6 Til trykking.

White, R.D. 1992. Nutritional in relation to season, lactation and growth of north temperate deer. I The Biology of Deer. Brown, R.D. (ed.) Springer-Verlag New York, Inc. s. 407-417.

WELCH, D., STAINES, B.W., SCOTT, D. & CATT, D. 1987. Bark stripping damage by red deer in å Sitka spruce forest in Westen Scotland. I. Incidense. Forestry (60) 2:249-262.