VEGETASJONSPROSJEKTET 

Bakgrunn

Som ein del av Svanøy bruks- og verneplan (sjå hovedmenyen) blei det i 1999 sett i gang eit forprosjekt i samarbeid med Universitetet i Bergen. Formålet var å utvikle ein modell for ”registrering av vegetasjonens utvikling”, for å kunne dokumentere om bruks- og verneplanen hadde fungert etter intensjonen. Prosjektet blei av ulike grunnar utvida og omlagt noko. Formålet blei definert til ”kartlegging av beitedyrs generelle innverknad på vegetasjonen”.

Hjortvilt og beitande husdyr har ein nøkkelverdi i boreale og arktiske økosystem ettersom deira beiting påverkar både diversiteten av planter og plantene sin næringsverdi.I meir lågproduktive økosystem kan eit vedvarande høgt beitepress av store herbivorer ha ringverknader på heile næringskjeden ved at beiting forstyrrer viktige økologiske prosessar og endrar det bilogiske mangfaldet. I nokre naturtypar vil beiting auke diversiteten av av planter slik som ved beiting av blandingsbesetningar av storfe, hest og småfe i seterlandsakpet.

Sjølv om tettleiken av hjortevilt i Norge har hatt ein nærast eksplosjonsarta auke dei siste 30-40 åra, manglar ein framleis kunnskap om korleis beitepresset frå hjortevilt påverkar økosystema. Nokre internasjonale beitestudier på elg har blitt utført, mens det ikkje har blitt gjennomført langsiktige storskalaforsøk som omhandlar økologiske effektar av hjortebeiting.

Nettopp dette er bakrunnen for at ein vil nytte hjorten som modellart for å få meir kunnskap om korleis beiting av hjortevilt påverkar økologiske prosessar og biodiversiteten i dei boreale økosystema.

 Resultata av dette forsøket vil igjen gi svar på dei spørsmåla Svanøy bruks- og verneplan opprinneleg hadde, då analysene etter kvart vil gje indikasjonar på beitedyras påverknad av landskapet på øya.

 Prosjektet: Hjortevilt – økologiske effektar av beiting

 Mål:

Universitetet i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Norsk Hjortesenter starta sommaren 2001 eit forsøk for å undersøke korleis beiting av hjort og sau påverkar jordsmonn, vegetasjon og førekomst av invertebrater i vestnorsk kystfuruskog. Uviklinga av vegetasjonen i beiteområda vil bli samamlikna med utvikliga innanfor ubeita vegetasjonsblokker på 10 x 10 meter der hjort og sau blir stengt ute ved hjelp av hegn. Følgande faktorar vil bli undersøkt: artsrikdom av planter, førekomst (mengd) av planter, blømingsfrekvens hos alle artar og bærproduksjonen av nøkkelarten blåbær, innhald av antibeitestoff i blader og vinterskot hos blåbær, fordeling av ressursar mellom produksjon av antibeitestoff og seksuell reproduksjon hos blåbær, førekomst av insekt som er viktige næringsdyr for spurvefuglar  og skogskyllingar, effektar av beiting på omsetning av næringsstoff frå dødt organisk materiale til ny plantevekst.

 Gjennomføring:

Tolv beitefrie eksklusjonshegn, kvart på 100 m2, blei vinteren 2001 etablert i blåbærfuruskogen på Svanøy. Innanfor kvart hegn er det etablert 10 faste vegetasjonsruter kor vegetasjonsanalyser vil bli gjennomført i juni og august kvart år gjennom 10 år. I beita områder like utanfor kvart av hegna er det etablert 10 paralelle vegetasjonsruter. Dette gjer det mogeleg å følge utviklinga av vegetasjonen i parvise beita og ubeita vegetasjonsruter. Variasjonen i hjorten og sauen sin bruk av dei 12 delområda blir undersøkt ved å telje avføring i tilfeldig utvalde ruter på 1 m2. Prøvetaking og analyser av jordprøver blir gjennomført i samarbeid med jordbiologar frå Polen.

For nærere spørsmål om prosjektet ta kontakt med Tarald Seldal ved Høyskolen i Sogn og Fjordane, Torbjørn Ragge Paulsen ved Universitetet i Bergen eller Stein Joar Hegland ved Universitet for miljø og biovitenskap på ÅS.