Svanøy si historie - eit lite samandrag

 

Funn frå førhistorisk tid viser at busetnaden på Svanøy kan førast 4000 år tilbake i tid. I Harald Hårfagres saga kan ein tolke at Eirik Blodøks kan ha blitt oppfostra på garden Erikstad i åra omkring 900. Steinkrossen med runeinnskrift på kyrkjegarden vitnar om Olav den Heilage si kristningsferd i Norge på denne tid. 

 

På Svanøy Hovedgård finns det ein døypefont i kleberstein, antakeleg frå siste del av 1200-åra. Ei katekismustavle frå 1590, som no er oppbevart ved Historisk Museum i Bergen, er eit av få spor etter ei middelaldersk trekirke ved garden. På museet kan ein også sjå glassmaleri og ein preikestol frå ei barokkyrkje på 1600-talet. Dette vart teke vare på då kyrkja vart riven i 1872. Ein veit ikkje årsaken til at kyrkja vart nedlagt og riven, men ei ny sognekirke vart seinare bygd i Stavang og ein reknar med at inventarstykker frå kyrkja på Svanøy vart overført til den nye kyrkja. Denne brant ned i 1951 og inventar frå Svanøy kan ha gått tapt.

I tida før 1685 heitte øya Bru. Det var først dette året at øya skifta namn til Svanø etter eigar biskop Svane, i forbindelse med at hovudgarden vart setegard og fekk birkerett etter hans død. Midt på 1700-talet bygde fogd Nagel Svanøy Hovedgaard opp til å bli ein av vestlandet best bebygde storgardar.

 

Haugianarane på Svanøy

Haugianarane fekk fotfeste på øya ved at Hans Nielsen Hauge kjøpte Svanøy Hovedgaard for 12 000 riksdaler i 1804. Hauge hadde i si religiøse verksemd ei heilt anna haldning enn dei adels- og embetsmennene som hadde drive garden tidlegare, og dette skulle få store praktiske konsekvensar for Svanøy. Han meinte at arbeid var oppgåve gjeve av Gud og at menneska skal forvalte sitt gods og sine evner til beste for sin neste.

Ole Torjussen Helling frå Hallingdal var mannen som skulle få ansvaret for garden. Svanøy vart eit senter for haugianarrørsla i heile Sunnfjord, og arbeidslause kunne kom til Svanøy å brødfø seg. Ole Torjussen tok namnet Svanøe, og han gjorde garden til eit mønsterbruk. Han førte opp eit møllebruk, anla bygdesag, reiste skipsbyggeri og starta saltkokeri. Rundt århundreskiftet vart det drive utvinning av koparkis, og på det meste arbeidde nær 100 menn i gruvene. Andre former for næringsverksemd var klebersteinsbrot, meieri og tønnefabrikk.

 

Svanøy i dag

Svanøy Hovedgård har sidan vore drive av familien Svanøe. Svanøy Stiftelse som vart oppretta i 1972  disponerer bygningane på hovedgarden, mens familien Svanøe fortsatt driv gardsbruket. Næringslivet på Svanøy blomstrar framleis, om enn i anna form enn i Haugianarane si tid. I dag er det fiskeoppdrett, gardsbruk og kompetansesenter for hjort som sysselset mest folk. Folketalet er omlag 100 mennesker, og her er skule og barnehage, butikk og kro/bakeri. I år 2000 passerte verdiskapinga på øya 60 millioner NOK, og optimismen og kreativiteten er stor.

 

For mer informasjon

Les meir om Svanøy Hovedgård

Les om Svanøy Stiftelse

Les om Svanøy på NRK sitt fylkesleksikon

Denne siden ble sist oppdatert 12.12.2006