Produktoversikt - Herregardslaks

Kombinasjonen av ferske lokale råvarer, gamle røyketradisjonar og varsam handtering av kvar laks har posisjonert Svanøy Røykeri som ein av dei framste leverandørane av høgkvalitets røykelaks i Noreg. Røykelaksen er røykt med einer plukka på Svanøy. Kvar lakseside er skore for hand og tørrsalta etter tradisjonell oppskrift, med ei blanding av salt og sukker. Sidene er i gjennomsnitt 1,2 kg. Vi nyttar berre Superior laks av beste kvalitet frå Marø Havbruk på Svanøy. Smaken av einerrøyk, salt og laks er harmonisk og mild, og kokkeverdsmeister Terje Ness er ein av våre faste kundar.

Alle produkta våre blir pakka i eksklusive gåveesker med eigna ytteremballasje for transport over heile landet. Gjennom vårt samarbeid med Posten garanterar vi at laksen blir sendt deg raskt og effektivt, og at kvaliteten ikkje blir forringa under transporten.  Vi nyttar oss av posten si bedrift dør-dør teneste, og laksen vert levert mellom kl. 8.00 og 16.00 på kvardagar  For privatkundar er det difor ein fordel at de oppgjev adressa de er å finne på i dette tidsrommet.

Laksogram 
Du forfattar ei personleg helsing som du vil gje saman med laksen. Vi skriv ut helsinga di på våre spesielle laksogram-papir, og sender presangen til den du ønskjer.

Tradisjonell laks 

Dette er den klassiske einerrøykte laksen.
Svanøy Røykeri - laks.JPG (17584 bytes)

Kvitløksmarinert laks 
Einerrøykt laks marinert med kvitløk og sitronpepar. For dei som likar kvitløk er dette ein smaksvariant i gourmetklassen.

Kryddermarinert laks 
Einerrøykt laks krydra med kraftige kryddersmakar. 

Cognacmarinert laks 

Einerrøykt laks marinert med ekte Bache Gabrielsen. Dette modnar smaken på laksen og den får ein mild og rund smak med ei aning av cognac. 

Svanøy Røykeri - kokk.JPG (18878 bytes)

Akevittmarinert laks 
Einerrøykt laks marinert med god norsk Linie aquavit. Ein litt skarpare variant med mykje smak..

Herregardstrio I,II & II 
Einerrøykt laks som er delt i tre bitar og marinert med følgjande:
I.   Kvitløk, cognac og krydder.
II.  Tradisjonell, krydder og akevitt.                                    III. Kvitløk, tradisjonell og krydder.
 Perfekt som gåve ved ulike høve.                                       

Porsmarinert laks                                                  Einerrøykt laks marinert med pors-dram og tørka pors plukka på Svanøy. Ein ekte Svanøy-variant.

 

 
Gravlaks med dill eller einerbær 
Laksen blir grava på tradisjonell måte, men får ein ekstra
god smak med dill eller knuste einerbær, gin og kvit pepar.



Hjem   Om produksjonen   Bestilling  Oppskrifter